Lærdal: Det seier Jan Tore Stølen, leiar for fotballgruppa i Lærdal IL. I helga hadde dei raude og kvite fire lag med seg til Ål cup, der dei to eldste laga, G13/14 og J13/14 tok med seg pokalar heim att til Lærdal.
– Det er viktig at ungane får reisa og prøva seg mot andre motstandarar enn dei er vande med. Det er interessant for dei å møta nye lag. Og så har ein den sosiale biten som også er viktig.
– Av det eg har høyrt, så har alle storkosa seg, og det er vel så viktig som ein pokal, sjølv om det smakar godt det også, seier Stølen, som sjølv sat i Karmøy og beit negler og heia på laga.

Sosialt
I tillegg til dei to eldste laga, var det også med eit J12- og G12-lag. Lagleiar for jentene, Monika Lysne, fortel om ei veldig kjekk helg på andre sida av fylkesgrensa.
– Det er ei godt organisert turnering med mange moglegheiter for aktivitetar utanom kampane. Me sov saman i hytter på folkehøgskulen, og det var veldig sosialt. Pizzakveld, bading, klatrepark, grilling, disko, seine kveldar og mykje latter er vel stikkord for helga, oppsummerer ho.
– Når det gjeld fotballen, hadde me to sigrar og to tap, noko me er godt nøgde med. Me kom på 3. plass i pulja og er godt nøgde med helga.
Gode resultat
For laga som reiste stad og vann sine årsklassar, blei dei 1-0-siger i finalen mot Ørnar IL for gutane, som gjekk vidare frå kvart- og semifinale på loddtrekning etter å ha vunne to av tre kampar i puljespelet.
Jentelaget derimot, vann samtlege kampar på vegen mot siger. Mellom anna slo dei Syril i kvartfinale. Sett vekk i frå Lærdal IL, deltok både Syril, Bjørn IL og Hafslo IL på turneringa.