UNGE OG LOVANDE: System of Six imponerte stort under Fjøsbluesen på Avdal gard. Frå venstre til høgre: gitaristane Are Einan (17) og Andreas Aannevik (17), vokalist Frida Tryti Hunshammer (16), bassist Christian Rasmussen (17). Front: trommis Mathias Hansen (17). Foto: Kristoffer Fretland Øygarden
UNGE OG LOVANDE: System of Six imponerte stort under Fjøsbluesen på Avdal gard. Frå venstre til høgre: gitaristane Are Einan (17) og Andreas Aannevik (17), vokalist Frida Tryti Hunshammer (16), bassist Christian Rasmussen (17). Front: trommis Mathias Hansen (17). Foto: Kristoffer Fretland Øygarden

Unge musikarar imponerte stort under Fjøsblues

Dei unge rockarane i System of Six laga knallstemning då dei spelte på Avdal gard laurdag kveld.

Laurdag kveld gjekk den 18. Fjøsblusen gjennom tidene av stabelen på Avdal gard. Ved sidan av dei vande og kjære tonane til Årdal Blueslag fekk me i år verte kjende med det lokale ungdomsbandet System of Six.

Med ein god blanding av coverlåtar og eigenkomponerte songar laga dei knallstemning under årets arrangement.

Unge musikarar

System of Six består av Frida Tryti Hunshammer (16) på vokal, Are Einan (17) og Andreas Aannevik (17) på gitar, Christian Rasmussen (17) på bass, og Mathias Hansen (17) på trommer. På tross av ei fartstid på under to år samt ein snittalder på 17 år har bandet allereie rukke å spele på Påskerocken to gonger. Denne gongen stod Fjøsbluesen for tur.

Artikkelen held fram under biletet.

DREVEN MUSIKAR: Gitarist Andreas Aannevik leverte gnistrande gitarsoloar og solide bluesriff.
DREVEN MUSIKAR: Gitarist Andreas Aannevik leverte gnistrande gitarsoloar og solide bluesriff.

Med kraftfull rock, solide bluesriff og klokkeklar vokal imponerte bandet eit garva publikum, som ropte på meir då siste song var over. Men det var ikkje berre tilhøyrarane som koste seg.

– Dette var både koseleg og intimt, seier Hunshammer.

– Det er morosamt å bli med på ting som ikkje er heilt etter det normale. Å gå tur for så å spele i fjellet, skyt Hansen inn.

Sjølv om det er første gong System of Six spelar på Avdal gard, har dei ein Fjøsblues-veteran i rekkjene. Hunshammer spelte med Årdal Blueslag året før, og må ta litt av æra for at bandet blei invitert opp i år.

– Eg har spelt mykje med desse folka. Dei kjende til at me hadde eit band saman, og spurte om me ville vere med og spele i år.

Og avgjersla om å verte med er det ingen som angrar på. Skulle dei bli spurt om å spele igjen er svaret klart:

– Då seier me sjølvsagt ja med ein gong!

Vil satse på eigne låtar

Blant dei låtane som fekk best respons under kveldens konsert finn me fleire eigne komposisjonar. Hansen påpeikar likevel at dei fleste originale songane er det Frida som har stått for.

Artikkelen held fram under biletet.

GOD BLANDING: Med vokalist Frida Hunshammer (16) i spissen framførte System of Six både fengande coverlåtar og eigenkomponerte sangar.
GOD BLANDING: Med vokalist Frida Hunshammer (16) i spissen framførte System of Six både fengande coverlåtar og eigenkomponerte sangar.

I tida framover vil dei prøve å skrive låtar i lag som band. På sikt håpar dei å kanskje få gjeve ut ei plate saman.

– Men me spelar først og fremst for moro skuld, seier Hunshammer.

Oppfordrar unge til å ta turen

System of Six er blant dei yngste som har vitja Fjøsbluesen – både når det gjeld artistar og publikum. Skulle andre unge, lovande musikarar få sjansen til å spele, oppfordrar Hunshammer og resten av gjengen heilt klart til å ta turen opp i Avdalen.

– Får dei moglegheita til å spele burde dei heilt klart gjere det. Me kan trygt seie at dei vil trivast!

– Men kanskje ikkje ta med alt utstyret ditt, for da kan det bli ein tung tur opp, åtvarar Hansen.

Til toppen