SANITETSSOLDAT: Øystein Alme var ein av veteranane som deltok i markeringa.
SANITETSSOLDAT: Øystein Alme var ein av veteranane som deltok i markeringa. (Foto: Hanna Fredheim)

Han var sanitetssoldat i Egypt like etter 2. verdskrig – heidra på frigjeringsdagen

For første gong var veteranar frå Indre Sogn inviterte til felles feiring av 8. mai. Øystein Alme (82) frå Sogndal har berre gode minner frå tenesta.

Sogndal: Alme var blant dei som deltok på veteranfeiringa i Sogndal 8. mai. Han tykkjer det er flott at frigjeringsdagen og veterandagen blir markert.

– Det er av erfaring ikkje alle som møter opp, sjølv om det er spesielt for den enkelte. Men det er veldig kjekt å møtast, pratast i lag og minnast gamle dagar, seier han.

I 1956 var han sanitetssoldat i Abu Suweir i Egypt. Alme opplevde tida som lærerik og givande, og ville ha gjort det same om att om han kunne.

– Eg har gode minne frå den tida, så for meg er det er veldig kjekt å tenka tilbake på, seier han.

VETERANFEIRING: Veteranane og ordførarane ved krigsminnesmerket i Sogndal. Foto: Hanna Fredheim

Takk frå ordførarane

Ordførarar frå fire sognekommunar hadde møtt opp til markeringa ved krigsminnesmerket i Sogndal sentrum.

Jarle Aarvoll, ordførar i Sogndal, snakka om kor viktig det er å aldri gløyma dei som har kjempa for fred.

– Det er viktig å snakka om historia for å betre forstå dei som lir under krig og terror i dag, sa Jarle Aarvoll.

Han takka arrangørane for initiativet og la på vegner av kommunane i Indre Sogn ned ein krans ved krigsminnesmerket.

HYGGESTUND: Etter markeringa ved krigsminnesmerket i Sogndal var det matservering på Kafé Krydder for veteranar og familiane deira. Foto: Hanna Fredheim

Første veteranfeiring

Dette er første gong frigjeringsdagen og veterandagen vert markert på denne måten i Sogndal. Kristin Rundsveen er sjølv veteran og har teke initiativ til arrangementet. Ho håpar det vert fleire markeringar i åra framover.

I mange land har krigsveteranar høg status, og frigjeringsdagen er store nasjonale feiringar. I Norge har me 17. mai, som er blitt ei felles feiring av både grunnlova, sjølvstende og sigeren over tyskarane i andre verdskrig.

Alme trur ikkje krigsveteranar nødvendigvis har noko lågare status her i Norge, enn andre plassar.

– Eg veit ikkje korleis det står til i andre land, og så er det individuelt korleis du opplever å bli verdsett. Men personleg så føler eg at me blir verdsette, seier han.

Til toppen