NØGDE: Representantar frå ungdomsparti og unge vaksne frå organisasjonar og næringsliv i Zeroakademiet var godt nøgde med vitjinga hjå E-CO Energi i Aurland. Foto: Ole Ramshus Sælthun
NØGDE: Representantar frå ungdomsparti og unge vaksne frå organisasjonar og næringsliv i Zeroakademiet var godt nøgde med vitjinga hjå E-CO Energi i Aurland. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Unge politikarar og næringslisvsspirer let seg imponera av E-CO

Fekk innsikt i korleis norsk vasskraft er ein del av klimaløysinga, og korleis E-CO Energi har jobba for å bøta på naturinngrep kraftutbygging fører til.

Aurland: - E-CO hadde lagt opp til eit svært godt program som tilfredsstilte våre ønskjer om ei fagleg breidde, seier Cornelia Ebbesen, rådgjevar i miljøstiftinga Zero.

Zeroakademiet er ei samlingsrekkje og eit nettverk for unge avgjerdstakarar innan politikk og næringsliv, mellom anna var representantar for fleire av ungdomspartia til stades.

- Arrogante på 90-talet

- Klima-og energifeltet er i rask endring og det har i dag blitt viktigare enn nokon gong å vera oppdatert på dei politiske, økonomiske og teknologiske utviklingstrekkja på dette området, seier Ebbesen om bakgrunnen for Zeroakademiet.

Ei av samlingane til akademiet var altså lagt til Aurland og E-CO energi, der eitt av føremåla var å sjå korleis kraftprodusenten har gjort tiltak for å bøta for naturinngrepa kraftutbygging fører til.

- På 90-talet var me nok litt arrogante og sa gjerne at "dette er konsesjonen vår" når bekkane gjekk tørre og fisken døydde. Me hamna ein del i pressa, truleg fortent. Samfunnet elles har fått oss til å tenkja annleis, sa kraftverkssjef ved E-CO Energi i Aurland, Knut Helge Kjærvik til forsamlinga.

Opna sideløp

No hadde for så vidt kraftutbygginga i Aurland vorte noko anna enn kva den var planlagt som på slutten av 60-talet; dei opphavelege planane gjekk på å regulera mange småvatn som låg høgt oppe i Aurlandsfjella.

Etter påtrykk frå miljørørsla vart utbygginga "designa" om, og baserte seg på eit "takrennesystem" som samla vatn, køyrde det oppatt i svært kraftige pumper for å få høgare fall, og så danna straum ut av det.

Men nokre tiår seinare handla avisoverskriftene om fiskedød i Aurlandsvassdraget; vatnet gjekk til straumproduksjon og fiskebestanden leid.

På 2000-talet starta E-CO å opna opp sideløp; først ut var Tokvamsbekken i 2003-2004, fem år seinare vart tre nye sideløp opna.

- Fordi dei er veldig viktige for hovudvassdraget. Og det har gitt resultat; i 2013 var det jubel då det vart registrert gyting i Tokvamsbekken for første gong, i 2015 var det gyting i sideelva ved fiskehuset. Totalt går me utifrå at desse opne sideløpa gir fire til fem tusen smolt ekstra i Aurlandsvassdraget årleg, seier miljøkoordinator i E-CO Energi, Bjørn Otto Dønnum.

Artikkelen held fram under biletet

SIDELØP: Miljøkoordinator i E-CO Energi, Bjørn Otto Dønnum, forklarar kvifor sideløp er så viktig for fiskebestanden i ei elv.
SIDELØP: Miljøkoordinator i E-CO Energi, Bjørn Otto Dønnum, forklarar kvifor sideløp er så viktig for fiskebestanden i ei elv.

La på kunstig grus og harva botnen

I 2009-2010 vart det bygd ny fisketrapp ved utløpsosen på Vassbygdvatn for å betra opp- og nedvandringsmoglegheitene, særskild i gyteperioden.

Samstundes hadde analysar kome fram til at det var svært lite gytegrus i Aurlandsvassdraget, dels grunna kraftutbygginga, dels grunna andre inngrep, som vegbygging og flaumtiltak.

- Ektesenga grusen representerer mangla, sa Dønnum, og peika på ein plansje som synte at det i 2009 var gytegrus i 0,1 prosent av vassdraget, medan det i 2016 - etter fleire rundar med utplassering av kunstig gytegrus, var "ekteseng" i fire prosent av vassdraget.

- I 2009 var det kø inn til dei gyteplassane som fantest. Kunstig grus er eit substitutt for naturlege prosessar, men det er eit effektfullt substitutt.

Eit anna tiltak har vore å harva ein firedel av botnen i heile vassdraget for at det skulle danna seg meir skjul i form av grøvre steinar og holrom mellom desse.

Gyteaktivitete i vassdraget gjekk kraftig opp til i 2014, men har gått noko ned att dei to siste åra.

- Men me ser totalt at tiltaka har hatt stor effekt sidan prosjektet starta i 2009. Så håpar me på større gyting til hausten att, sa Dønnum.

Ebbesen i Zero fortel dei vitjande sat att med gode kunnskapar.

- Det var viktig for oss at deltakerane på slutten av dagen skulle ha kunnskap om den norske vannkraftnæringa, og kva slags rolle satsinga på fornybar energi spelar som ein del av klimaløysinga. For å ikkje gløyma den samfunnsøkonomiske nytta kraftutvekslinga med den europeiske marknaden har for eit land som Noreg.

Til toppen