NYTT MATERIALE: Ketil Thorbjørnsen med band og support spelar i kulturhuset i Lærdal fredag. Der er sjansen stor for at ein får høyre nytt materiale. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen.
NYTT MATERIALE: Ketil Thorbjørnsen med band og support spelar i kulturhuset i Lærdal fredag. Der er sjansen stor for at ein får høyre nytt materiale. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen.

Unge rockarar spelar med «Verdsmannen» i kulturhuset

Og då får du sjansen til å høyre noko av det nye materialet Ketil Thorbjørnsen jobbar med.

Lærdal: I helga skal Ketil Thorbjørnsen med band ut på ein miniturné i fylket, og helga startar med speling i kulturhuset i Lærdal. Der har dei også fått med support i dei unge rockarane i Twang Junior. 

Sistnemnde stakk av med publikumsprisen på UKM sist helg og er eit resultat av satsinga som Lærdal kommune har jobba med for å få opp bandmiljøet. 

– Det byrjar å låte skikkeleg tøft. Dei er 10-11 år gamle og spelar rock, seier Ketil Thorbjørnsen om dei unge rockarane. 

Gler seg til å spela konsert

Eirik og Sara Thomassen spelar begge i bandet. Porten.no tok ein prat med dei to rett før øvinga torsdag, og dei gler seg stort. 

– Me har spelt saman i eitt år, to gonger på UKM. Me spelar rockemusikk sidan me er eit band, seier Eirik, og fortel at favorittsongen er «Born to be wild». 

– Det var den me vann med på UKM, og som gjorde at me fekk publikumsprisen, Sara.

– Det var dritgøy, seier Eirik.

Dette blir første gongen dei skal spela konsert, så difor håpar dei begge at så mange som råd vil ta turen til kulturhuset for å høyra på. 

Artikkelen held fram under biletet.

PUBLIKUMSPRIS: Bandet Twang junior fekk publikumsprisen under UKM i Lærdal sist helg.
PUBLIKUMSPRIS: Bandet Twang junior fekk publikumsprisen under UKM i Lærdal sist helg.

30 CD-ar att

Dessutan skal Thorbjørnsen presentere ein del av sitt materialt frå plata «Verdsmannen», debutalbumet han gav ut i fjor sommar. Over eit halv år etter, sit han att med rundt 30 CD-ar.

– Då eg fekk CD-ane, tykte eg det var ufatteleg mange, men no har eg rundt 30 stykk att. Det har gått utruleg bra, og det har vore ein kjemperespons på plata. Eg får stadig videoar frå ungar og eldre som syng frå songane. Det er heilt rått, seier han.

I løpet av det halve året har han fått framføre musikken sin på store hendingar som lanseringa av boka «Rockebolet» og 100 års-markeringa av verket i Høyanger. I tillegg var han nominert til Luttprisen. 

Men dei nøyer seg ikkje med det. No prøver dei å få til litt kulturhus-speling, og søndag skal dei spele på Kafé Krydder i Sogndal. 

– Dette er eit bittelite lokale, så det blir intimt og fint. Me har planar om å gjera det same på Tya, men då som akkustisk. I tillegg har eg spelt litt åleine og vil halde fram med det. Det viktigaste er å koma seg rundt og spela. No kjem sannsynlegvis musikken min på Spotify etter kvart også, held han fram.

Nytt materiale

Er du ein av dei som tek turen på desse konsertane, er det fort du får høyre materialet du ikkje har høyrt før. Thorbjørnsen fortel at han så smått er i gong med planleggjinga og arbeidet med ei ny plate. 

– Eg følte eg kom i gang med den første, men det var berre ei byrjing. Eg kan ikkje berre gi meg på éi plate. No føler eg at eg har funne min stil, og det går kanskje litt seinare med låskrivinga no etter kvart som ein blir flinkare og meir kritisk, seier han og legg til at det er utruleg moro å framføre eigen musikk.

– Eg har mange skisser, nok til eit nytt album, så får me sjå korleis det blir. Eg er heldig som kan ha med meg dei folka eg kan, som onkelen min, Ørjan (Lindborg journ. anm.) og Øyvind (Aga). I tillegg har Frida (Tryti Hundshammer) steppa inn og blitt ein fast del av bandet. Det er kult å sjå progresjonen ho har hatt. 

Etter planen skulle det nye albummet sleppast til Jordeplerock, men endringar i planane gjer at dei no ikkje har noko frist og ta den tida dei treng. Fram til då håpar han at så mange som mogleg vil ta turen for å høyre han spele, starta med Lærdal kulturhus fredag. 

Til toppen