Unge skyttarspirer fekk diplom

Avslutta skyteskulen med utdeling av diplomar.

Lærdal: Tønjum skyttarlag hadde avslutning på skyteskulen måndag kveld. Skyteskulen, som Porten.no skreiv om for ei tid tilbake, hadde god oppslutnad med 27 deltakarar.

Skyteskulen er opplæring for aspirantar i alderen 10 år og oppover til 14-15 år.

– I denne skulen er det nokre hovudpunkt som tema - det viktigaste er tryggleik, tryggleik og tryggleik. Dette terpar ein veldig på, her må ein skapa gode haldningar heilt frå starten av. I tillegg går det på skyteteknikk, pusteteknikk og liggjestillingar. Så er det informasjon om Det frivillige skyttervesen, forklarte formann i skyttarlaget, Jarle Offerdal, då. 

Måndag var det avslutning på skulen med medalje, diplom og pizza og brus. 

Til toppen