PÅ HEIMEBANE: Vidar Vasset (f.v), Malin Hellebø Hovland, Eirik Sognnes og Karl Edvin "Kalle" Lysne speler på årets Jordeplerock. Foto: Therese Pisani
PÅ HEIMEBANE: Vidar Vasset (f.v), Malin Hellebø Hovland, Eirik Sognnes og Karl Edvin "Kalle" Lysne speler på årets Jordeplerock. Foto: Therese Pisani

Unge sogneartistar klare for sommarens Jordeplerock

Lærdølen Eirik Sognnes har med seg band og lovar fest og moro, medan sogndølen Ola Weel Skram gler seg til å halde sin aller første konsert med eigne låtar. 

No begynner det å nærma seg sommarens festival i Lærdal. Festivalen Jordeplerock 2015, går av stabelen 26. til 28. juni. 

Frå å vera travel student i Volda, ser Eirik Sognnes fram til å kome i gang med sommarens spelejobbar. Han skriv sine eigne songar og speler for første gong konsert på Jordeplerock. 

Stas å vera på heimebane

– Eg er veldig klar for festivalen. Å spele på heimebane, på ein festival starta av unge sambygdingar, å få lov å gå på scena før Hellbillies fredagskvelden, eit førebilete eg har hatt sidan barneskulen. Og i tillegg ha med eit band som består av nye venner og barndomsvenner. Eg trur faktisk ikkje det kan bli betre, seier Sognnes. 

Artikkelen held fram under biletet

HØGDEPUNKT: – Det blir eit høgdepunkt å få spela heime i sommar, seier Eirik Sognnes som for tida er ein travel student i Volda.
HØGDEPUNKT: – Det blir eit høgdepunkt å få spela heime i sommar, seier Eirik Sognnes som for tida er ein travel student i Volda.

Sognnes starta å spele live alt som tiåring og er nok kjent på lokale scener i Indre Sogn. Han har i opptredd mellom anna som frontfigur og vokalist i husbandet til Studenthuset Rokken; «The Siverts». Dei siste åra har han fokusert på eigen musikk og låtskriving. Likevel knyter det seg spenning til å opptre heime.  

– Det skal kribla

Sognnes slapp sin første singel og sommarhit "Fredag" i fjor sommar. Han slepp også singelen "Lun sommarvind" før festivalen no i juni. 

– Kva kan publikum vente seg på konserten?

– Dette blir nok ein konsert der ein blir kjent med fleire sider av meg som låtskrivar. Det gjeld å finna ein balanse mellom fest og moro og på det andre sida djupare kjensler. Det skal kribla i både dansefoten og i hjarterota, og eg håpar publikum syng seg såre i stemma. Eg har trua på at dette blir ei god oppleving. Dette blir ein fest, seier Sognnes. 

– Den første ordentlege konserten

Sogndølen Ola Weel Skram tek også turen til nabobygda.

Artikkelen held fram under biletet

KLAR MED SINGEL: Ola Weel Skram slepp i sommar sin første singel " Money in my pocket". Han ser fram til å spele for publikum i Lærdal i sommar.
KLAR MED SINGEL: Ola Weel Skram slepp i sommar sin første singel " Money in my pocket". Han ser fram til å spele for publikum i Lærdal i sommar.

– Eg gler med veldig til Jordeplerock. Dette blir den første ordentlege konserten der eg speler og syng mine eigne songar, fortel Skram som no lever som fattig student i Bergen og er midt i eksamenskjøret.  

Han var med i Idol i 2013, åtte år etter storesøster Eva, som også deltok på fjorårets Jordeplerock. I tida etter Idol har det vorte fleire spelejobbar på Skram spreidd over heile landet, men dei fleste i Bergen og Stavanger. 

Klar for å dela låtane med omverda

Sjølv om han berre var ti år då han laga sin første song, er det ikkje før no at han er klar for å dele dei med omverda. Skram tek sikte på at låtane har blitt betre med tida.

– No føler eg at eg har opplevd nok til å fortelje noko. Det har vore viktig for meg at låtane har ein spesiell betydning for meg og eit godt innhald, fortel han. 

Den første singelen frå Skram, "Money in my pocket", kjem i løpet av sommaren. Skram jobbar no med eit produksjonsteam for å gi ut nokre singlar, før det kjem ei plate. Han er ein typisk singer-songwriter, der musikken er ei blanding mellom melodiøse låtar til alternativ rock. 

Artikkelen held fram under biletet

KLAR Å DELA: Her er Ola Weel Skram på ein spelejobb i Oslo i lag med DPRTR. No er han klar for å dela sine eigene låtar. 
KLAR Å DELA: Her er Ola Weel Skram på ein spelejobb i Oslo i lag med DPRTR. No er han klar for å dela sine eigene låtar. 

Frå bygd til by

Rapduoen Robin og Bugge kjem frå Oslo og er kjent for sine energiske live-konsertar i tillegg til fengande og treffsikre radiohits. Dei tek også turen til Jordeplerock. Robin og Bugge har gitt ut fleire singlar og ei plate, i tillegg har dei selt både til både gull og platina. Dei har hundrevis av konsertar bak seg. Du kjenner kanskje att låtar som "Non stop", "Bongo drum" og "Overlegen". 

Første bandet som var klart til årets Jordeplerock var Hellbillies. 

Les også: Vil ta Jordeplerock til nye høgder

Meir informasjon om Jordeplerock 2015 finn du her. 

Til toppen