MAGI: Brynjar Fagerli varta opp med ekte fotballmagi og trollbandt tilskodarane på Lærdalsmarknaden.

VIDEO

Her får verdsmeistaren ungane i Lærdal til å måpa

Heile 54 ungar tok del i trikseskule med ein av verdas beste i den nye sportsgreina. Etterpå fekk dei sjå kor flinke dei kan bli om dei berre øver.

Lærdal: – Det er heilt utruleg. Eg skjønnar ikkje at han greier det, seier Edvard Osen Tjonn (11).

Lærdølen har nettopp sett trikseeksperten Brynjar Fagerli visa fram alle sine kunstar på scena på Lærdalsmarknaden. Før det stod dei sjølve på scena, etter å ha fått to timar opplæring.

– Det såg veldig kult ut, så ville eg læra det, seier kompisen Knut Blaaflat Evjestad (11) om kvifor han melde seg på trikseskulen.

STORT OPPMØTE: Mange hadde møtt fram for å få med seg showet til dei som nettopp hadde blitt uteksaminert frå trikseskulen. Foto: Halvor Farsund Storvik

Verdas beste brødrepar

Til no har dei triksa litt av og til. Begge trur det blir vesentleg meir, no når dei har sett på nært hald kva som er mogleg å få til.

– Veldig inspirert, seier dei nærast i kor.

Læremeistaren Brynjar Fagerli har triksa i ni år, dei siste fire åra har det vorte 15 til 20 timar i veka.

– Eg og bror min bestemte oss for at me verkeleg ville bli best, så då måtte me legga inn ein del trening, forklarer han.

SPENT STEMINING: Her står ungane klare før showet startar.  Foto: Halvor Farsund Storvik

Den ambisjonen vart innfridd både i 2016 og 2017, då brødreparet vann VM-gull i parkonkurransen. Brynar vart Europameister i fjor, medan broren Erlend vann VM individuelt i 2016.

Kan ikkje garantera resultat på bana

Om sogningane hadde fått med seg merittane, eller berre er blant dei 40.000 følgarane på Instagram, er usikkert. Uansett var det nok til å lokka heile 54 deltakarar til Lærdal denne helga.

– Eg hadde ikkje forventa så mange. Dei har kome frå kommunane rundt òg, forstod eg, så det var veldig artig, seier Fagerli.

Han tykkjer norske ungar vert stadig flinkare til å gjera triks, etter kvart som triksing har vakse som sport. Men i desse VM-tider, kan han ikkje garantera at det vil gjera utslag på fotballbana for dei komande generasjonar landslagsspelarar.

– Det hjelper på teknikken, men det er ikkje noko forutsetning for å bli god å spela fotball. Og omvendt, du treng ikkje vera god i fotball for å bli ein god triksar, seier Fagerli.

Til toppen