LOVNADSBROT: Jacob Bredesen kallar statsbudsjettet regjeringa la fram i går for eit lovnadsbrot. Foto: Sogn og Fjordane Unge Venstre.
LOVNADSBROT: Jacob Bredesen kallar statsbudsjettet regjeringa la fram i går for eit lovnadsbrot. Foto: Sogn og Fjordane Unge Venstre.

Unge Venstre svært misnøgd med klimaprofilen

Fylkeslaget er, som moderpartiet, langt frå nøgd med klimasatsinga til regjeringa i neste års statsbudsjett. 

Sogn og Fjordane: Det er den klare beskjeden frå leiar Jacob Bredesen i Unge Venstre. Mange vil påstå at det ligg an til den heftigaste klimakampen på Stortinget gjennom tidene når budsjettforhandlingane skal i gang om tre vekers tid.

Då budsjettet vart lagt fram i går, kom det ein venstre hook frå Venstre-leiar Trine Skei Grande umiddelbart.

– Viss regjeringa seier dette ikkje er noko å forhandla om, så har dei eit kjempeproblem, sa ho.

Dei to regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet er avhengig av støtte frå Venstre og Kristeleg Folkeparti for å få gjennom forslaget. 

– Lovnadsbrot

Og i Sogn og Fjordane Unge Venstre er beskjeden den same. Bredesen kallar det eit klar lovnadsbrot. 

– For Venstre kan det ikkje vera aktuelt å støtta ei regjering som ikkje tek ansvar for å halda dei avtalene ein har laga med verda – så enkelt og så vanskeleg er det, seier Jacob Bredesen, leiar av Unge Venstre i Sogn og Fjordane.

– Dette handlar om at Høgre må visa at dei er eit ansvarleg regjeringsparti, og oppfylla eigne avtalar, ikkje om å tilfredsstilla Venstre, utdjupar Bredesen.

Sogn og Fjordane Unge Venstre meiner det hastar å kutta i utsleppa, og at dette kan oppnåast gjennom bruk av grøne rabattar. Døme på det er skatte- og avgiftskutt eller prisnedslap som gjer det rimelegare å leva miljøvenleg. 

Til toppen