TESTAR FERDIGHEITENE: Jon Foss (17) gjer det bra i 3. divisjon.
TESTAR FERDIGHEITENE: Jon Foss (17) gjer det bra i 3. divisjon. (Foto: Steffen Starheim)

Unggutane fekk prøve seg då Sogndal tapte mot bergenslaget

17-åringar hevdar seg i ein høgare divisjon.

Sogndal - BSI: 17-21

Etter ei lang ventetid, er endeleg handballsesongen i gang for herrelaget til Sogndal. Før sesongstart har laget rusta seg opp og gjort seg klar for nye kampar. Denne gang mot bergenslaget BSI.

– Eg har venta lenge på at sesongen skal starte, og det var godt og komme oss på parketten igjen. Vi har forberedt oss til kamp på den Vetle tida me har hatt etter sommarferien, fortel Øyvind Randmo (17) etter kampen.

Kampen endte med tap for herrelaget. Sjølv om dei holdt tett opp mot BSI heile kampen, rakna det til på slutten og bergenslaget tek med seg to poeng heim.

– Resultatet vart no slik det vart. Me sto godt i forsvar, men det har vore litt få treningar før start, og eg ser me må fokusere på å ta betre val og avslutningar mot mål, kommenterte Øyvind angåande resultatet. 

ØYVIND RANDMO (17): Debuterte i 3. divisjon allereie i fjor. Foto: Steffen Starheim

Ein god utviklingsarena

I fjor spelte herrelaget sin første sesong i 3. divisjon. Da vart det bestemt at det skulle være eit lag i 5. divisjon også. 

– Dei som kanskje ikkje får spele like mykje i 3. divisjon, får gjerne utvikle seg og meir speletid i ein lågare divisjon, 

Laget i 5. divisjon består for det meste at unggutar og har ein fast stamme.

– Laget var meir ein utviklingsarena for oss i fjor då vi også var i ein aldersbestemt serie. I år blir det meir fokus i 5. divisjon. Me i 01-kullet har holdt på i lag no i fleire år og er ein sterk kjerne i laget, forklarar Øyvind Randmo.

Med innskot frå studentar og andre meiner han at denne sesongen blir bra. Steget mellom 5. og 3. divisjon er stort i forhold til nivå, men dette meiner Øyvind ikkje er eit problem.

– Dette er ei god gruppe, og om ein får prøve seg på førstelaget, er det framleis rom for feil. Det blir aldri dårlig stemning om ein gjer tabber. Det lettar på presset dei første kampane, så får ein meir ansvar når ein blir meir etablert i divisjonen, held Øyvind fram.

Han har etter kvart fått mykje erfaring med dette.

SISTE MÅL: Johann Eikeland dunker inn siste målet i kampen. (Foto: Steffen Starheim)
SISTE MÅL: Johan Eikland bankar inn siste mål i kampen. (Foto: Steffen Starheim)
(Foto: Steffen Starheim)
(Foto: Steffen Starheim)
(Foto: Steffen Starheim)
Til toppen