MEIR SPELETID: Førre sesong såg ein ikkje mykje til Fredrik Flo. Det har han tenkt å gjere noko med denne sesongen
MEIR SPELETID: Førre sesong såg ein ikkje mykje til Fredrik Flo. Det har han tenkt å gjere noko med denne sesongen (Foto: Youri van der Werve)

– Unggutane kan alltid overraske

Sogndal spelte sin første kamp mot divisjonskonkurrent Florø.

Sogndal: – Dette var ein typisk første kamp, seier trenar Eirik Bakke etter kampen.

Første omgang bar preg av kaos og sjølv om Sogndal var det beste laget var det ikkje mykje å skryte av. I andre omgang valde begge lag å bytte mange spelarar.

– Det er kjekt at folk melder seg på når dei får moglegheiten, seier Bakke om sine Sogndal 2-spelarar som fekk sjansen på førstelaget i dag.

Fleire på treningsopphald

I tillegg til spelarar frå Sogndal 2, var også fleire spelarar på treningsopphald. Ein av dei som var å sjå å bana var Ulrik Flo. Han er for tida på jakt etter ny klubb etter at han var ferdig i Fredrikstad som rauk ned frå OBOS ligaen.

I andre omgang var det ungguten Eivind Helgesen som skåra kampens første mål etter 60 spelte minutt. Florø kriga tilbake og etter 75 minutt kom kampens siste mål og denne gangen blei det uavgjort mellom fylkeskonkurrentane.

Håper på meir speletid 

Fredrik Flo fekk førre sesong lite speletid, men håpar at det vil komme ein endring i år.

– Eg føler eg er i form. Så eg må berre gjere så godt eg kan i desse treningskampane og på treningane, seier Flo etter å ha fått spele andre omgang mot Florø.

– Eg håpar sjølvsagt på meir speletid, men veit at der er fleire gode spissar på laget. Så vi får sjå kor mykej det blir når serien er i gong.

Mange har forlatt klubben

Den siste tida har Bakke sett fleire spelarar forlate klubben. Men han er ikkje bekymra for denne utviklinga.

– Vi har litt folk som er ute med skader, men det er litt avhengig av kor fort dei kjem tilbake med tanke på eventuelle erstattarar.

Men Bakke veit at han har mange unge som har lyst å prøve seg.

– Eg tykkjer at mange har utvikla seg frå i fjor, då vi spelte mot Florø. I tillegg har ei no tatt steget til 3. divisjon som gir dei ein betre kvardag, så får vi sjå kva dei kan bidra med. Eg veit at unggutane kan overraske, seier Bakke.

Til toppen