FEKK SJANSEN: Edin Øy fekk spele heile kampen då eit reserveprega Sogndal møtte Hødd til treningskamp på Fosshaugane i kveld.
FEKK SJANSEN: Edin Øy fekk spele heile kampen då eit reserveprega Sogndal møtte Hødd til treningskamp på Fosshaugane i kveld.

Ungt Sogndal tapte i sluttminutta mot Hødd

Johan Hove (16), Edin Øy (19) og Sivert Mannsverk (14) var berre av nokre av dei som fekk vise seg fram for eit reserveprega Sogndal i kveld. 

Sogndal - Hødd: 1-2

Bortsett frå kaptein Henrik Furebotn og keeper Tarjei Aase Omenås stilte Sogndal med reine juniorlaget til treningskampen mot Hødd.

TOK SJANSEN: Andreas Lerheim Olsen jobba og sleit og vart einsleg målscorar for heimelaget med eit vakkert skot i krysset. 
TOK SJANSEN: Andreas Lerheim Olsen jobba og sleit og vart einsleg målscorar for heimelaget med eit vakkert skot i krysset. 

– Eg tykte gutane som kom inn gjorde det veldig bra. Godt å gje dei sjansen til å visa seg fram og visa at det gror godt. Fleire av dei har trent ei heil økt før i dag, så dei kjende det godt på slutten, seier trenar Eirik Bakke, som spesielt trekk fram innsatsen til Ulrik Fredriksen i midtforsvaret og målscorar Andreas Lerheim Olsen.

Les også: Sivert Mannsverk (14) debuterte for A-laget til Sogndal

Årets mål kan allereie vere i boks

Bakke seier dei valde å spare mange av dei beste spelarane til neste treningskamp mot Strømsgodset på laurdag.

– Eg veit ikkje om nokon av dei som spelte i dag får starta der. Vi delte det opp i to slik at alle får spela nitti minutt. Så får vi sett eit skikkeleg lag til ein av dei siste verkelege testane før seriestart, seier Bakke. 

I eit komplett ufyseleg regnvêr på Fosshaugane tok heimelaget leiinga før Hødd var komne ut av startblokkene. Kampen var ikkje meir enn to minutt då Sogndal kombinerte fint på venstrekanten, andrelagsspelar Andreas Lerheim Olsen fekk ballen på atten meter, drog av ein mann og sette ballen vakkert i krysset.

– Det blir vanskeleg å score eit finare mål enn det i år, seier Bakke.

Resten av omgangen var jamspelt, med eit mogleg overtak til Hødd. Begge laga yppa seg med nokre farlege skot frå distanse.

RUTINERT KAPTEIN: Henrik Furebotn (31) viste at han har både motoren i gang og touchen i orden før seriestarten. Han var den einaste etablerte A-lagsspelaren og fekk kapteinsbindet i kveldens treningskamp. 
RUTINERT KAPTEIN: Henrik Furebotn (31) viste at han har både motoren i gang og touchen i orden før seriestarten. Han var den einaste etablerte A-lagsspelaren og fekk kapteinsbindet i kveldens treningskamp. 

Uavgjort glapp i sluttminutta

I pausen vart målscorar Lerheim Olsen bytt ut med Bakary Traore, andrelagsspelaren som er på lån hos Fjøra og som har bøtta inn mål i vinter. Eigentleg skulle han ha starta, men den lynraske spissen vart benka fordi han nesten kom for seint til kampen.

Ti minutt ut i andreomgangen fekk Hødd eit billeg frispark frå kanten av sekstenmeteren. Det ekspederte Didrik Sereba vakkert i krysset, via hanskane til Kristian Rutlin som òg hadde kome innpå.

Sogndal heldt fram å styre mykje av spelet, takka vere den ballsikre duoen Henrik Furebotn (31) og Johan Hove (16) i midten. Sistnemnde viste nok ein gong at han har roen, pasningsfoten og teknikken til å kjempe om ein plass på laget allereie denne sesongen.

Etter kvart som Sogndal gjorde fleire bytte vart Hødd farlegere. Heilt mot slutten sikra prøvespelar Kastrati sigeren for bortelaget.

– Eg følte me var med store delar av kampen og begge måla vi slepp inn er eigentleg juniorfeil. Det var mange som fekk kjenne på nivået i dag og det er difor me har desse kampane, seier Bakke.

Tropp Sogndal: Tarjei Omenås, Kristian Rutlin, Per Magnus Steiring, Magnus Pedersen, Fredrik Flo, Tomas Totland, Andreas Lerheim Olsen, Adrian Solberg, Eivind Helgesen, Anders Nord, Andreas Flåten, Sivert Mannsverk, Bakary Traore, Henrik Furebotn, Edin Øy, Johan Hove og Ulrik Fredriksen.

Til toppen