Unik dame - unik tittel

Leyeune Avdal frå Årdal har nyleg fått tildelt ein av dei gjevaste og mest prestisjefulle prisane i ballettverda.

Autorisert ballettpedagog Leyeune Avdal (65) er nemleg blitt æresmedlem i Royal Academy of Dance for sitt 40 år lange engasjement i miljøet. Kvart år er det kun to personar i Noreg som får denne høgt hengte prisen.

- Eg vart overraska. Og veldig veldig stolt. Eg har aldri tenkt på at dette kunne skje meg, smiler ho. 

STOLT OG GLAD: Ballett-pedagog Leyeune Avdal er ikkje overraskande kry over å bli kåra til "Life-member" i "Royal Academy of Dance".
STOLT OG GLAD: Ballett-pedagog Leyeune Avdal er ikkje overraskande kry over å bli kåra til "Life-member" i "Royal Academy of Dance".

Sjå fleire foto frå ei ballett-trening i Årdal laurdag øvst i artikkelen

15.000 medlemer i 82 land

Royal Academy of Dance er ein anerkjent ballettskule i England som har eigen stilart og metode. Den vart grunnlagd i 1920 av ei gruppe profesjonelle dansarar. RAD har over 15.000 medlemer i 82 land. 

45 år i Årdal

Leyeune kom til Årdal frå Indonesia for 45 år sidan. Ho tok sin første ballett-eksamen i fødelandet før ho kom hit.

- Eg dreiv med ballett da, og eg driv med ballett no. Men akkurat kva eg har gjort i livsfasane mine, har sjølvsagt variert litt. Men det er i blodet mitt. Eg elskar det rett og slett, eg elskar å læra i frå meg, og blir aldri lei av å vera i dette miljøet. Den dagen eg ikkje driv med dette lenger, da er eg død, ler ho.

Artikkelen held fram

HAR DET I BLODET: - Det mest morosame eg veit, er å vera i miljøet og læra i fra meg dans. Eg elskar det!, seier Avdal, her frå ein treningstime på Årdal Gym ho har på laurdagar.
HAR DET I BLODET: - Det mest morosame eg veit, er å vera i miljøet og læra i fra meg dans. Eg elskar det!, seier Avdal, her frå ein treningstime på Årdal Gym ho har på laurdagar.

Knallhard sjølvdisiplin

Avdal forklarar nøye korleis det fungerer i ballettmiljøet. Alt frå det å driva med dans på amatørnivå, til å bli profesjonell dansar og det å bli dansepedagog. 

- Ein er fysisk sterkast som dansar når ein er mellom 25-35 år. Me kallar dette "gullalderen" innan dans. Om ein vil leva av dette seinare som pedagog, blir det stilt store krav også då, fortel ho.

Avdal seier at ein profesjonell dansar allereie som ungdom må visa eit sterkt engasjement og knallhard eigendisiplin gjennom år.

Blir alltid følgde med

Om ein ønskjer eit liv som dansepedagog, må ein òg gå føre som eit godt eksempel for yngre i høve rekruttering heilt frå ein er ungdom. Kursing og eksamenar går i eitt heile livet ut om ein vil leva av ein jobb som  autorisert ballettpedagog.

- Når alt kjem til alt, kjenner mange kvarandre, eller til kvarandre, faktisk over heile verda. Royal Academy of Dance følgjer med på alt og alle via sine kontaktpersonar rundt om i verda, seier ho til Porten.no

Artikkelen held fram

HAR TRENA TUSENVIS: Leyeune Avdal har ikkje tal på kor mange ho har vore instruktør for i løpet av 40 år på Vestlandet. Her frå ei trening i Årdal, der dei unge lyttar til kvart ord ho seier.
HAR TRENA TUSENVIS: Leyeune Avdal har ikkje tal på kor mange ho har vore instruktør for i løpet av 40 år på Vestlandet. Her frå ei trening i Årdal, der dei unge lyttar til kvart ord ho seier.

Stemma frå Vestlandet

Når det gjeld talent blant dei unge, er Avdal blant dei som har ei stemme frå Vestlandet om kven som burde få prøva seg høgare og høgare opp i systemet. 

- Det kan gjelda alt frå audition i fylker, til Kunsthøgskulen i Oslo eller til ei forestilling i Den Norske Opera. Derifrå er nålauga også svært trongt, fleire hundre kan prøva seg, der gjerne berre to kjem igjennom, seier ho.

Talent frå Sogn

Når det gjeld ballettdansarar frå Sogn i dag, nemner ho Camilla Stefanski (20) frå Årdal som no er ein del av studentkompaniet i dans i Norges Handelshøghøgskule i Bergen, og Dag Rune Sjøli (24) frå Gaupne som har bachelorgrad i jazzballett frå Kunsthøgskulen i Oslo, og som no er profesjonell dansar for Oslo Danseensemble.

- Eg kjenner til hundrevis av folk i miljøet skjønnar du, og eg reiser mykje, ler ho.

Artikkelen held fram

MORO MED BALLETT: Leyeune Avdal trur dansegleda i Noreg er enorm, men at kanskje litt for få driv med dette i system, og har sjølvdisiplin nok til å driva på med dette profesjonelt. Men frå ballettreninga på Årdal Gym, er alt berre fryd og gaman.

Mentor for ballettpedagogar

I tillegg til å vera danseinstruktør for ungar i Årdal på laurdagane, har ho no Førde og Bergen som ansvarsområde. Der er ho mentor for dei som driv med sertifisering av ballettpedagogar.

- Eg vedgår at dette kjennest som eit stort ansvar som eg tek svært seriøst, seier ho.

Avdal kjenner for at sommarskulen i ballett også må nemnast. Der samlast rundt 80 ungdomar kvar sommar frå heile Skandinavia saman med dansepedagogar.

Sympatisk og dyktig dame

Med lang fartstid i miljøet er historia og arbeidsoppgåvene til Leyuene Avdal imponerande og interessant. 

Ein kunne nok ha skrive ei bok om den sympatiske, dyktige og audmjuke dama som kom til Årdal i 1975. Ho har for lengst satt sine spor gjennom generasjonar både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

EKSAMEN KVART ÅR: Leyeune tek ofte eksamenar for å halda fram som ballettpedagog. - Det er strenge krav i dette miljøet, og slik bør det vera, seier ho. Her frå ei trening i Årdal
EKSAMEN KVART ÅR: Leyeune tek ofte eksamenar for å halda fram som ballettpedagog. - Det er strenge krav i dette miljøet, og slik bør det vera, seier ho. Her frå ei trening i Årdal

Til toppen