OPERASJON SKOGSVRAK: Mange av bilane til Torbjørn Nilsen var vrak då han kjøpte dei. Denne, ein Graham frå 1931, blei funnen i ein skog i Meldal i Sør-Trøndelag. No er den ein staseleg bil igjen. FOTO: Erlend Aas
OPERASJON SKOGSVRAK: Mange av bilane til Torbjørn Nilsen var vrak då han kjøpte dei. Denne, ein Graham frå 1931, blei funnen i ein skog i Meldal i Sør-Trøndelag. No er den ein staseleg bil igjen. FOTO: Erlend Aas

Unik og enorm samling

Han har i overkant av 50 veterankøyretøy. Alle er i oppsiktsvekkjande god stand, og dei fleste kan han køyre med når og kvar han vil.

– Det er klart at alle saman fungerer. Ein del av gleda er å sjå at dei går, og at dei i tillegg ser fine ut, fastslår 85-åringen, og tørkar eit tynt lag støv og pollen av bakluka til ein lyseblå Renault Dauphine 1959-modell.

Alderen på køyretøya er mellom 45 og 100 år, sånn omtrent. Den eldste bilen er eksempelvis ein Hupmobile frå 1915. Den yngste er ein MG frå 1969.

Torbjørn Nilsen pleidde å ha nummerskilt på cirka 40 av køyretøya, men no har han redusert det til om lag 35. Han meiner det får halde.

Ei unik og enorm samling

Den store museumshallen til Nilsen er lokalisert like ved huset hans på Årnes i Akershus. Marknadsføringa består av eit lite skilt ved vegen der det står «Torbjørns samlinger».

Når ein går frå sterkt solskinn og inn døra til museet, treng auga litt tid på å venne seg til det forholdsvis svake lyset i hallen. Det første ein ser er ein eller annan veteranbil ein ikkje heilt klarer å kjenne igjen. Ved sida av står ein annan bil, og bak der igjen nokre fleire køyretøy.

Litt etter litt, medan synet tilpassar seg omgivnadene, dukkar det opp ei mengd av gjenstandar. Her er køyretøy over alt. I tillegg er det syklar (inkludert ein velosiped), mannekengdokker med uniformer frå krigens dagar, alskens militærutstyr, brannsprøyter, sparkar, reklameskilt, bilete, radioar, mjølkespann. Og kjerrer, plogar og andre reiskap som ein gong i tida blei trekt av hestar.

Mange av museumsobjekta heng frå taket – i mangel på golvplass.

Det som først verkar å vere eit rotete lager, viser seg å vere ei samling heilt utanom det vanlege. Tusenvis av samleobjekt, store og små, er ei mild skildring.

Artikkelen held fram under bilete.

MYKJE Å SJÅ: Det er så mange køyretøy i «museumshallen» til Torbjørn Nilsen at ein treng litt tid på å fordøye alt. I midten av bildet står eksempelvis ein Indian, ein amerikansk motorsykkel frå 1919.
MYKJE Å SJÅ: Det er så mange køyretøy i «museumshallen» til Torbjørn Nilsen at ein treng litt tid på å fordøye alt. I midten av bildet står eksempelvis ein Indian, ein amerikansk motorsykkel frå 1919.

Tyske hjelmar og gassmasker

Lokalhistorikar og forfattar Fritz Wahlstrøm, som har skrive ei bok om Torbjørn Nilsen, fortel at Nilsen har ei av dei største private samlingane av motorkøyretøy i Noreg, i tillegg til militærutstyr frå både første og andre verdskrigen.

– Men han har også så mykje anna at han burde hatt dobbelt så stor plass i hallen. Han har brukt eit heilt liv på å samle desse gjenstandane, og han har ei historie til nesten kvar bidige ting, fortel Wahlstrøm.

Ifølgje Nilsen sjølv starta «samlemanien» våren 1945, då dei tyske soldatane endeleg blei jaga ut av landet. Skotske soldatar frå dei allierte styrkane kom til Årnes for å rydde opp etter okkupantane. Dei kasta haugevis med tysk utstyr på skraphaugen. Dit fann 13 år gamle Torbjørn vegen.

Han kom heim med trillebårlass med litt av kvart, for eksempel hjelmar, gassmasker og ein tysk spark som kan bli felt ned og bli ei sjukebåre.

– Dei fleste andre ønskte at desse tinga berre skulle bli kasta, sikkert fordi dei ville gløyme okkupasjonstida med det same. Eg såg derimot verdi i alt mogleg rart. Ein del av det eg fann då, er bytta bort. Men nokre av gjenstandane vil eg aldri kvitte meg med, understrekar han.

Køyrde som unggut

Bildilla fekk han som åtteåring, nokre månader før krigen braut ut i Noreg. Med løyve frå faren køyrde unge Torbjørn Nilsen rundt i bilen til faren med damer som skulle på møte i regi av misjonsforeininga.

Men det var ikkje før på 1960-talet han byrja å samle på motoriserte køyretøy. Den første bilen kjøpte han på snedig vis rett framfor nasen på ein tysk samlar, som ifølgje Nilsen blei sint fordi nokon andre hadde «kapra» bilen han også ville kjøpe.

– Etter det har det blitt nokre bilar, traktorar, lastebilar, motorsyklar og militærkøyretøy. Ja, mange fleire enn dei eg har her. Nokre har eg selt eller bytta bort i noko anna. Nokre gonger, særleg når eg har komme heim med eit par køyretøy i veka, har kona mi spurt om eg ikkje snart har mange nok. Då har eg svart at det alltids er plass til nokre til.

Sjølv om han har passert 85 år, held han framleis samlehobbyen aktiv.

– Det går litt lenger mellom kvart innkjøp, men eg handlar litt no og då. Den siste anskaffinga er den blå Volvo PV-en som står der borte. Ein sånn ein har eg lenge hatt så lyst på, seier samlaren og går bort til den 62 år unge bilen han kjøpte i fjor.

Til toppen