GAMLE HELTAR: Veterancupen melder at Manchester United stiller med lag til årets turnering. Biletet er frå fjorårets Veterancup. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
GAMLE HELTAR: Veterancupen melder at Manchester United stiller med lag til årets turnering. Biletet er frå fjorårets Veterancup. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

United-heltar til Veterancupen

Manchester United kjem med lag beståande av tidlegare spelarar på Veterancupen.

Lærdal: Det melder turnering på si eiga heimeside. Det er ikkje første gongen det engelske storlaget stiller opp på Veterancupen. 

Sist dei deltok var for to år sidan. Den gongen stilte dei med sunnfjordingen Jon Søgnen i mål, noko som blei lagt godt merke til. Elles er det framleis usikkert kva stjerner som kjem til Lærdal og Årdal denne helga.

– Me har ikkje fått endeleg lag enno, men me har fått stadfesta gamle kjenningar som Clayton Blackmore og Frank Stapleton i tillegg til "ferskingen" Sammy Mcilroy. Nye namn vert kunngjorde så snart dei er klare, skriv turneringa.

Veterancupen har avspark siste helga i januar.

Til toppen