KAMP: Laurdag spelte Manchester United tre kampar. Her frå idrettshallen i Lærdal. Foto: Jan Christian Jerving.
KAMP: Laurdag spelte Manchester United tre kampar. Her frå idrettshallen i Lærdal. Foto: Jan Christian Jerving.

United vart forsinka av stormen "Tor" til årets Veterancup

Veteranane frå Manchester United fekk ikkje landa på Flestland fredag då flyplassen vart stengd grunna uvêret.

Spelarane måtte mellomlanda i Oslo å vente der til flyplassen i Bergen opna.

- Dei kom seg med på siste fly til Flesland, men då vart det for seint til at dei kunne spele kampen som var sett opp fredag, seier Roald Flodsand, turneringsleiar for Veterancupen.

SPELTE: Lagbilete av Manchester United under Veterancupen i Lærdal. Foto:Jan Christian Jerving

Straumen gjekk i tre kommunar under turneringa

Leiinga for turneringa fekk litt hovudbry med at straumen gjekk midt under fredagens kampar i både Aurland, Lærdal og Årdal.

- Straumen var vekke to gonger i Aurland, ein gong i Lærdal og i tre samanhengande timar i Årdal. Ein kan ikkje spela kampar når det er mørkt, konstanterar Flodsand.

Les også: Øvre Årdal i svart i tre timar

Straumbrotet baud på ein del logistikkvanskar og fleire av kampane vart flytta til laurdag.

- Manchester United måtte spele fire kampar laurdagen, i staden for tre som var planen, fortel han.

VANN: Damene frå Sogndal vart best i veteranklassen under helgas Veterancup. Foto: Jan Christian Jerving.

Tapte alle kampane sine

Manchester United mangla målvakt under helgas cup. Då stilte like godt lærdølen Jan Tore Stølen opp for dei tidlegare engelske landslagspelarane.

- United tapte alle kampane sine. Dei har nok hatt større fall i kvaliteten enn dei norske veteranane. Det var kjekt å sjå at Stølen debuterte som målvakt. Han fekk nok av arbeid med å hente ballen ut av nettet. Fire ganske travle kampar med andre ord, seier Flodsand.

Les også: Håpar på mange tilskodarar på Veterancupen

Han fortel at dei ofte har problem med vêret denne helga og at dei er godt vande med storm og vind under Veterancupen.

VETERAN: Laurdag spelte Manchester United tre kampar mot Rubbestadnes Il , Viking og Aurland. Foto: Jan Christan Jerving.

- Lita interesse for fotball i Lærdal

Dagens kampar baud på litt småskadar, men ellers gjekk alt som det skulle.

- Det var ikkje så mange som hadde møtt opp for å sjå på kampane. Tribuna var fyld opp av folk som deltok i sjølve turneringa. Det er dårleg med publikum i Lærdal og lita interesse for fotball. Slik har det vore i ganske mange år. I Årdal og Aurland derimot, møter folk opp for å sjå kampar, seier Flodsand.

Turneringa starta halv ni laurdag morgon og vart avslutta seks om kvelden.

EKSKLUSIVT MØTE: Per Gjesdal fekk møte ein av sine store fotballheltar Chris White under laurdagens turnering. Foto: Jan Christan Jerving

- Overraskande siger for damene

Veterancupen har blitt arrangert i 18 år og denne gongen var det 55 lag som stilite opp.

- Vi har sett mykje god fotball denne helga. Frank Stapleton klinte ballen i krysset under den eine kampen. Det er heilt fantastisk å sjå nokre av verdas største fotballstjerne spele på denne måten, seier Flodsand.

Fire av dei fem tidlegare United spelarane har delteke på Veterancupen tidligare. Flodsand legg til at det var mykje god fotball både på kvinne- og herresida.

- Sogndal stakk av med tittelen som årets veterandamer og oldboys. Kaupanger tok ein overraskande siger som årets oldgirls, seier Flodsand.

CUP: Veteranspelarane fekk køyrd seg under laurdagens kampar. Foto: Jan Christan Jerving

Laurdag kveld vert det bankett og prisutdeling på Lærdal Hotell.

Til toppen