PÅ SVARTELISTA: Pukkellaksen er ein framand art på våre breiddegrader, men i år har han dukka opp fleire stader i Norge. Denne laksen vart fanga i Årøyelva måndag.
PÅ SVARTELISTA: Pukkellaksen er ein framand art på våre breiddegrader, men i år har han dukka opp fleire stader i Norge. Denne laksen vart fanga i Årøyelva måndag. (Bilde: Knut Munthe Olsen/privat)

Uønska laks på besøk i Sogn

– Dei er ikkje velkomne for å seie det mildt, seier grunneigar.

Sogndal: Den svartelista pukkellaksen har dukka opp i fleire norske elvar den siste veka, òg i Sogn. Knut Munthe Olsen er grunneigar i Årøyelva og ser med uro på det som skjer. 

– Vi har tatt tre stykk til no. Eg tok ein seinast i dag morgon, seier han.

DOBBEL TRAGEDIE: Pukkellaksen som vart fanga i Årøyelva hadde ein stor plastbit i magen, ei dyster påminning om at den òg har sine miljøutfordringar å stri med.
DOBBEL TRAGEDIE: Pukkellaksen som vart fanga i Årøyelva hadde ein stor plastbit i magen, ei dyster påminning om at den òg har sine miljøutfordringar å stri med. Foto: Knut Munthe Olsen/privat

Fangst av den uønska laksen skjer kvar år i Norge, men mest i Finnmark nær grensa til Russland. Tal som i år har forskarane derimot aldri sett maken til.

Pukkellaksen er svartelista som framand art i Artsdatabanken. Truleg vil den ikkje konkurrere med laks og aure om maten i elva, men det kan oppstå negative konsekvensar av at dei gyter i same område. – Ofte er det vanskeleg å spå effektane av framande artar og det kan oppstå fleire uventa negative effektar, skriv Norsk institutt for naturforsking (NINA) på eigne nettsider.

Les også: Her har han nettopp landa årets første storfisk

Truar ikkje genmaterialet

Grunneigaren seier sjøauren, brunauren og villaksen, samt ein og annan ål, er dei naturlege artane som høyrer til i elva. Pukkellaksen har han aldri sett før, men Munthe Olsen set ikkje pris på å ha fått ein ny gjest i elva.

– Den har ikkje noko her å gjere i det heile. Ein ting er at vi i alle år har blitt plaga med rømt oppdrettslaks som forureinar genane til norske villaksstammar. No kjem det eit nytt problem, seier Munthe.

Han trøstar seg med at pukkellaksen ikkje kan kryssast med villaksen og dermed ikkje utgjer ein trussel for genmaterialet, slik oppdrettslaksen gjer. Likevel er han uroa for konsekvensane dersom problemet viser seg å bli langvarig.

– Dei er ikkje velkomne for å seie det mildt, seier Munthe Olsen, som seier dei har rapportert inn funna og sendt prøver til NINA.

FLOTT SYN: Årøylaksen er eit ettertrakta bytte for fiskarar. Her ein fangst frå årets sesong.
FLOTT SYN: Årøylaksen er eit ettertrakta bytte for fiskarar. Her ein fangst frå årets sesong. Foto: Knut Munthe Olsen/privat

Fleire registreringar i fylket

Dei melder at dei aldri har fått så mange meldingar om pukkellaks som i år. 

– Eg har fått inn meldingar om meir enn 200 pukkellaks på ti dagar, frå 50 ulike elvar og frå sjøfangst. Allereie no er det tydeleg at det er mange fleire pukkellaks i år enn det har vore dei seinere åra, seier Eva B. Thorstad, lakseforsker i NINA til eigne nettsider.

Til Porten.no opplyser ho at det her i fylket er fanga pukkellaks i Nausta, Årøyelva og Gloppenelva, i tillegg til i sjøen utanfor Askvoll. Ho understrekar at det kan vere fleire, men det har kome inn så mange meldingar at dei ikkje har rukke å registrere alle. Til dømes vart det i helga fanga ein pukkellaks i elva Vikja, ifølgje Sogn Avis.

Grunneigaren i Årøy vel å tru at problemet er forbigåande, og ikkje berre starten på eit problem som vil vekse seg større.

– På ein dårleg dag kan du kanskje tenke slik, men eg har valt å ikkje ta på meg pessimisthatten enno. Eg blir berre frustert og lei meg når eg ser dei, for det er ikkje dei vi vil ha på kroken, seier Munthe Olsen.

Til toppen