Årdal: Dei to mennene i bilen, førar og ledsager, var begge i tidleg 20-åra og skal ha drive med lærekøyring då dei vart stogga.
No har dei blitt meldt til politiet for å køyrt bil i ruspåverka tilstand.
– Utrykningspolitiet oppdaga bilen på patrulje. Dei stoppa ein bil, passasjerane seier dei driv med øvelseskøyring. Begge gjorde utslag på rusprøve på staden, og vert teke med til legevakt for blodprøve og blir truleg begge anmeldt for forholdet, seier vaktleiar Terje Magnussen ved poltiets operasjonssentral i Bergen til Porten.no.
Porten.no oppdaterer saka.
Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no.