FLEIRE RUSKØYRARAR: Utrykkingspolitiet tok 54 prosent fleire ruskøyrarar i 2015 enn i 2014, ifølgje førebelse tal.​ Arkivfoto.
FLEIRE RUSKØYRARAR: Utrykkingspolitiet tok 54 prosent fleire ruskøyrarar i 2015 enn i 2014, ifølgje førebelse tal.​ Arkivfoto.

UP tok fleire ruskøyrarar

Utrykkingspolitiet tok 54 prosent fleire ruskøyrarar i 2015 enn i 2014, ifølgje førebelse tal.

  • Endret

Årdal/Lærdal: – Mange køyrer i ruspåverka tilstand kvar einaste dag, og det er viktig for trafikktryggleiken at vi får teke desse ut av trafikken, seier UP-sjef Runar Karlsen på nettsida til politiet.

UP hadde ekstra merksemd retta mot rus i trafikken i 2015, ei satsing som held fram dette året. Rus, gjerne i kombinasjon med høg fart, er ei av hovudårsakene til dei mest alvorlege ulukkene, opplyser politiet.

Ifølgje dei førebelse tala har UP teke litt færre sjåførar med for høg fart i fjor enn tidlegare år, noko UP-sjefen ser på som ei positiv utvikling. I 2015 var det ifølgje førebelse tal 125 personar som miste livet på norske vegar, det lågaste talet sidan 1947. (©NPK)

Til toppen