Uravegen Barnehage skapar julestemning

Førjulskos for store og små i Uravegen Barnehage. 

Årdal: Torsdag ettermiddag var det juleverkstad i Uravegen Barnehage. 

- Det er kjekt å kunne invitere til førjulskos i barnehagen, seier styrar Anne Gerd Jevnaker.

Ho legg til at i løpet av første veka i Desember er det alltid juleverkstad i barnehagen, og at dette har vore tradisjon i lang tid.

- Me set ut lykter med lys, inne spelar me julemusikk og det er aktivitetar i alle rom. Me ynskjer å skape ei god førjulsstemning, seier ho ivrig.

Borna har med seg foreldre og gjerne besteforeldre til ein ettermiddag full av juleaktivitetar. Mange har søsken som har gått i Uravegen Barnehage då dei var små. Dei synes det er ekstra stas å vere med. Personalet i barnehagen synes også det er stas å få prate med sine tidlegare «Uravegen- born».

Juleaktivitetar

På kjøkkenet lukta det godt frå dei mange pepperkakebretta. Ivrige små og store var i full gang med kjevle og pepparkakedeig. Litt smaking på deigen måtte til og sjølvsagt måtte ein smake på dei ferdige kakene.

På den minste avdelinga var det meir kaker å smake på. Der var det laga til Julekafe, med servering av kaffi, saft, gløgg og gode kaker. Dempa belysning og julemusikk i bakgrunnen laga ei god stemning.

- Det skal vere ein roleg og fin plass der foreldra og borna kan sette seg ned mellom juleaktivitetane, fortel Anne Gerd.

På dei to andre avdelingane var det klipping og liming. Her kunne ein lage fin julepynt av glanspapir, silkepapir og julestoff.  Stolte born kunne vifte med fine kort og juletrepynt dei skulle ha med seg heim. Kanskje vart det ein julepresang eller to denne kvelden.

Artikkelen held fram under biletet. 

MORO: Store og små jobbar saman med juletrepynten.
MORO: Store og små jobbar saman med juletrepynten.

Anne Gerd fortel at dei ynskjer at foreldre og born kan gjere noko saman, samstundes som det er ein sosial kveld.

- Praten sit laust og me har inntrykk av at store og små kosar seg, og det gjere me også, ler ho.  

Sjå biletegalleri øvst i artikkelen. 

 

Til toppen