HEILT VEKKE: Det var taket på «boksen» ut mot ridebana «Urd» bles vekk. Boksen består av nokre ekstra stallplassar når det er ekstra stort behov for kapasitet. Ingen hestar stod i boksen natt til 2.juledag, då dette skjedde, kan Kristine Midtun fortelja. Foto: Ole Ramshus Sælthun

«Urd» fòr ille åt med taket på stallen

Taket på uteboksane på stallen i Seimsdalen flerra «Urd» av, og det vart også hòl i taket på hovedstallen. 

Årdal: – Dei som kom og fôra hestane på morgonen andre juledag oppdaga skadane. De har nok vore ein skikkeleg smell når det skjedde og ikkje noko særleg for hestane. Dei var nok litt stressa, seier kasserar i Tangen køyre- og rideklubb, Sigrid Røneid.

TETTA: Taket frå boksen slo opp på sjølve hovudtaket og laga to hòl i dette også. Dei raude platene er komne på for å avgrensa lekkasjen inn i stallen. Fleire plassar bortover taket er det vorte riper og småhôl.

Sjølv om uvêret «Urd» ikkje var veldig øydeleggjande, tok vinden hardt nok til at ein del av taket på stallen ved ridesenteret i Seimsdalen vart øydelagt. Taket på boksane rundt sjølve hovudstallen flerra heilt av, og det vart også skadar på taket i hovudstallen.

Les også: Sogningane merka lite til ekstremvêret «Urd»

Ventar på takstmann

– Når taket reiste av boksane gjorde dette i neste omgang skade på hovudtaket. Me har fått ordna litt på det, men det er hòl så det har regna inn. I tillegg flytta vinden på eine hestehengaren.

Røneid fortel vidare at skadane er melde inn til forsikringsselskapet og at dei ventar på takstmann.

– Når det er naturskade får me ein eigenandel på åtte tusen kroner, så det er jo ein del pengar. Men taket må og skal på plass att.

Til toppen