POLITIET: Politiet måtte rykkje ut for to hendingar natt til søndag. Arkivfoto. 
POLITIET: Politiet måtte rykkje ut for to hendingar natt til søndag. Arkivfoto.  (Foto: Illustrasjon)

Uro natt til søndag

Politet sin promillekontroll i Sogndal gav inga utslag, men dei måtte rykkje ut til to hendingar natt til søndag. 

Årdal/Sogndal: Politiet melder på sin twitterkonto om ei hending i Øvre Årdal og to hendingar i Sogndal. 

Politet måtte rykkje ut til ei privat adresse i Øvre Årdal klokka 23.00 laurdagskveld. To personar hadde krangla og klarte ikkje å ordne opp på eiga hand. 

I Sogndal blei dokument og promillekontroll avslutta på RV 5 omkring 00.20. Politiet hadde kontrollen i Sogndal sentrum. Totalt var det 19 førarar som blei kontrollert, men det gav inga utslag eller reaksjonar. 

Omkring 01.30 natt til søndag blei ei bevisstlaus kvinne i 20-åra, funne utandørs i Sogndal. Kvinna var beursa, men kvikna til då politiet kom til staden. Politiet køyrde kvinna heim. 

 

 

Til toppen