Gulen/Masfjorden: – Som alle andre stader er det dei som driv personleg tenesteytande næring og reiseliv som først og fremst slit her òg. Sesongen er i stor grad over for dei som driv reiseliv, og det handlar om mykje pengar seier dagleg leiar i Gulen og Masfjorden Utvikling AS (GMU), Ragnhild Undertun.

Uroa for mangfaldet i næringslivet etter koronakrisa
– Mange aktørar i lokalt næringsliv er små, men det er slike verksemder som skaper mange av servicetilboda lokalt, seier dagleg leiar i Gulen og Masfjorden Utvikling, Ragnhild Undertun. Ho trur rein risikokapital frå staten kan vere det som må til for å hjelpe dei.