VANSKELEG: Å få spelemidlar til til dømes oppussing av ungdomshus er vorte "dobbelt" så vanskeleg dei siste to åra. Her Frilund på Lærdalsøyri. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes
VANSKELEG: Å få spelemidlar til til dømes oppussing av ungdomshus er vorte "dobbelt" så vanskeleg dei siste to åra. Her Frilund på Lærdalsøyri. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes

Uroa for nedbygginga av tilskot til kulturbygg

Ei halvering av spelemidlar til føremålet i løpet av dei siste to åra uroar Sogn og Fjordane fylkeskommune. 

– Lokalt kulturliv treng gode rammevilkår for å vekse og utvikle seg, og eigna lokalar er ein viktig faktor der staten kan spele på lag med kulturlivet i heile landet, seier fylkesordførar Jenny Følling.    

 Lagseigde grende- og bygdehus er viktige møteplassar i bygdene. Gode øvings- og framføringsarenaer trekkjer fylkeskommunen fram at behovet berre blir større for. Dette er to typar kulturbygg som blir råka av reduksjonen i spelemidlar.

Etterlyser behovsprøving

I Sogn og Fjordane har søknadstalet til ordninga auka mykje dei siste åra, medan løyvingane går ned. I 2016 har fylket 18 søknader, og 5 av desse fekk midlar, på totalt 2,2 millionar kroner. 

I 2014 var det 9 søknader, av desse fekk 8 midlar, totalt 5,6 millionar kroner. I 2012 var det 5 søkjarar som fekk i overkant av 3 millionar i tilskot.

– Samtidig ser me at i 2015 fekk Sogn og Fjordane ei løyving per søknad på 0,2 millionar, medan me hadde den nest høgaste søknadsmassen. Sør-Trøndelag har ei løyving på 5,5 millionar til sin eine søknad. Me meiner difor at behovsprøving må vere eit av kriteria ved tildeling av midlar, går det fram av pressemeldinga.

– Opp på 2014-nivå 

I ei uttale til Kulturdepartementet oppmodar Sogn og Fjordane fylkeskommune staten til å anerkjenne viktigheita av denne tilskotsordninga på same måte som ein anerkjenner viktigheita av gode ordningar som finansierer anlegg til fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

Fylkeskommunen ventar at ordninga vert oppretthalden, og at løyvingane vert auka opp til 2014-nivå, det vil seia meir enn doblast frå dei løyvde 63 millionane i år.

 

Til toppen