BEKYMRA: Brannsjef i Årdal Gaute Johnsgaard (her i samband med ulykkesøving) seier seg samd med fleire andre brannsjefar i landet om at det er sett av for lite plass til 110-sentralane i dei nye samlokaliserte operasjonssentralane. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
BEKYMRA: Brannsjef i Årdal Gaute Johnsgaard (her i samband med ulykkesøving) seier seg samd med fleire andre brannsjefar i landet om at det er sett av for lite plass til 110-sentralane i dei nye samlokaliserte operasjonssentralane. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Uroa for ny organisering av 110-sentralane

Fleire brannsjefar meiner det er sett av for lite plass til 110-sentralane i dei nye samlokaliserte operasjonssentralane.

Årdal: Det synet deler brannsjefen i Årdal Gaute Johnsgaard. Med brannen i Lærdal og Gudvangatunnelen, samt stormen Dagmar friskt i minne, er han uroa for den nye organiseringa.

16. desember bestemte Politidirektoratet (POD) kor dei nyte hovudseta, og dermed også dei nye samlokaliserte operasjonssentrale, skulle liggja. Før POD bestemte seg fekk dei innspel frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) om kor mykje plass det var behov for til brannvesenets 110-sentralar, skriv fagbladet Politiforum.

I oktober spelte DSB inn at ingen av 110-sentralane skulle ha meir enn fire operatørplassar eller vera på meir enn 60 kvadratmeter. For distrikt Vest, som er det tredje største distriktet med ei befolkning på 622 000 menneske betyr dette ei halvering i plassar frå åtte til fire. 

Kristiske til forslaget

Slik har DSB skissert behovet for operatørplassar og areal i samlokaliserte 110-sentralar:

Distrikt Befolkning Op.plassar i dag Op.plassar i nye distrikt Kvm. ny sentral
Finnmark 75 600 3 3 45
Troms 163 500 3 3 45
Nordland 241 500 4 4 60
Trøndelag 446 000 7 4 60
Møre og Romsdal 264 000 4 4 60
Vest 622 000 8 4 60
Sør-Vest 566 000 7 4 60
Agder 296 000 4 4 60
Sør-Øst 690 000 8 4 60
Oslo 829 000 7 4 60
Øst 640 000 8 4 60
Innlandet 384 000 4 4 60
    67 46  

 

Det er for lite meiner ei rekke sjefar ved 110-sentralane i Noreg.

– Me har vore kritiske til dette heile tida, seier leiaren for 110-sentralen i Sogn og Fjordane, Terje Brandsøy.

Skjønnar frustrasjonen

Det kan Johnsgaard forstå og viser til brannar som den i Lærdal, i Gudvangatunnelen og Skatestraumtunnelen. 

– Eg skjønnar frustrasjonen til Terje veldig godt. I Sogn og Fjordane har me ein god sentral. På oppdrag har me ein ekstra mann som er med på samband og kan vera adhoc når det gjeld å skaffa ressursar. Det er redd når dei skjærer heilt ned til beinet er at det blir ein utkallingssentral, seier Johnsgaard.

I praksis vil det seia at dei kallar mannskapet og det er det. Med dagens organisering har dei alltid med seg ein person på samband gjennom aksjonane. Denne personen har så god erfaring at dei kan sjå utviklinga i ei hending og skaffa ressursar slik at mannskapet er frampå.

STORBRANN: Måndag var det nøyaktig to år sidan storbrannen i Lærdal. Denne hendinga har gitt erfaring om korleis sentralen bør bemannast opp, meiner Terje Brandsøy. Arkiv
STORBRANN: Måndag var det nøyaktig to år sidan storbrannen i Lærdal. Denne hendinga har gitt erfaring om korleis sentralen bør bemannast opp, meiner Terje Brandsøy. Arkiv

Bekymra

– Ta stormen Dagmar som eit godt døme. Når den stormen treff kysten, er det ikkje berre rundt Bergen og Hordaland, men heile vestlandskysten, og då veit me kva ressursar som krevst. Då ringer det mykje folk, som er bekymra og redde. Med få operatørar blir handteringa deretter, meiner brannsjefen.

– Det eg fryktar skjer no er at når det kjem eit naudanrop og brannvesenet blir kalla ut, så har ein ikkje ressursane til å følgje hendinga. Då tapar me fordelane me har i dag. Og tenk på lokalkunnskapen ein mistar. I Florø er dei rimeleg stabile, dei kjenner oss på stemmer og kjenner til ulike plassar i fylket. Det er ein kjempefordel. Det er slike ting som forsvinn fordi ein får ein 110-sentral som skal serve eit for stort område.

27 operasjonssentralar skal bli til 12 som ein del av politireforma som tredde i kraft 1. januar. Målet er at den første skal stå klar til hausten, og deretter skal POD etter planen rulle ut to nye operasjonssentralar i kvartalet.

Til toppen