Uroa over utviklinga i sentrum på Årdalstangen

Uroa over utviklinga i sentrum på Årdalstangen

Ole Vidar Øren (H) inviterer til debatt rundt sentrum av Årdalstangen.

– Det urbane preget på Tangen har diverre gått motsett veg og har fått ein del riper i lakken. Det er ikkje lenger vatn i friluftsbadet, lyset er sløkt i mange næringslokal. Hovudgata, som tidlegare pulserte, har no meir preg av portforbod døgnet rundt.

Dette skriv Øren i sin interpellasjon, eller førespurnad, til ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap), der han ber ordføraren greie ut om sine tankar om utviklinga og kva planar som ligg føre for sentrum på Årdalstangen.

Sjå heile debatten i videovindauget øvst i artikkelen.

I dag er fleire av butikklokala tomme med gråpapir i vindauga. Eit viktig moment i debatten er også det mykje diskuterte friluftsbassenget som vart mellombels stengt for tre år sidan.

Artikkelen held fram under biletet. 

TOMT: Slik ser næringsbygga ut i Statsråd Evensensveg i Årdalstangen sentrum; tomme med gråpapir som dekkar for.
TOMT: Slik ser næringsbygga ut i Statsråd Evensensveg i Årdalstangen sentrum; tomme med gråpapir som dekkar for.

Lægreid svarar på interpellasjonen ved å vise til ulike planar som er vedteken kommunestyret dei siste åra, alle med samrøystes vedtak. Han listar også opp diverse prosjekt frå strategisk næringsplan som gjeld fram til 2018.

– Besøksnæringa reiseliv skal ha spesiell merksemd. Det blir jobba med å skapa aktivitet i SIVA industribygg, realisere etablering av urbane tilbod som er sakna i Årdal, ferdigstille forprosjekt for å utvikle sentrumsområdet på Årdalstangen saman med besøksnæringa og realisere eit prosjekt for skyttelbuss mellom Årdalstangen og Øvre Årdal sentrum med halvtimes avgangar, er nokre av prosjekta ordføraren listar opp.

– Små grep kan vera nok

Øren var nøgd med svara han fekk, men meiner at tida er for knapp til å vente på utredningar og konsulentrapportar, og at det var små grep som kunne gjerast for å skapa liv.

– Eg må presisera at to av alt er noko me er blitt einige om at me ikkje kan halde fram med, men eg kan nesten ikkje fri meg frå å seia at eit forholdsvis enkelt grep i dagens situasjon for å løfta Tangen litt er å sørga for vatn i bassenget ute, seier han.

LES OGSÅ: Vil lyfte kaien med signalbygg

– Kvifor ikkje? Det er ein liten kostnad muligens. Eg kan ikkje dokumentere dette i dag, men eg skulle ønska nokon kunne snakka saman for å få det til. Og så må ikkje nødvendigvis kommunen stå for det.

Eit anna døme han drar fram er rasteplassen på 400-meteren i Øvre Årdal, der turistar blir møtt med utsletne informasjonsskilt og ein lite tiltalande stoppestad, samt teksten «Ikkje kast peanøtter til dei innfødde» måla inn på rekkverket.

Fått nei frå tredje sektor og næringslivet

Anne Kauppi (Ap) presiserer overfor Øren at han har vore med på å gjera vedtaka som har ført til situasjonen som no rår, og når det gjeld friluftsbassenget fortel ho at dei jobba hardt for å hindra at det skulle stengast.

– Me utfordra tredje sektor og ÅTIL. Dei har takka nei. Dei hadde ikkje kapasitet i sommarmånadane. Me har utfordra næringslivet om å vera med på linje med i Øvre som på Tangen om å oppretthalde drift, og me har fått nei.

Artikkelen held fram under biletet.

FEKK NEI: Kauppi seier dei utfordra tredje sektor og næringslivet om å ta drifta ved bassenget, men at dei fekk nei over alt.
FEKK NEI: Kauppi seier dei utfordra tredje sektor og næringslivet om å ta drifta ved bassenget, men at dei fekk nei over alt.

LES OGSÅ: Vil utvida opningstida i friluftsbassenget

– Me har utforda Årdal kommune om å leggja fram tal på kor mykje det kostar, og det har me vedteke i kvart budsjett kva me sparar på ikkje å ha vatn i bassenget på Tangen. Det er bortimot ein halv million. Det har du vore med på, Ole Vidar, og fått tala på bordet på lin linja med meg, svarar Kauppi.

Førre veka skreiv Porten.no at formannskapet vedtok å utvida opningstida i friluftsbassenget i Øvre Årdal med to timar. I den saka kom det fram at kostnadene på å halde friluftsbassenget på Årdalstangen opent ligg på 550 000 mot 220 000 i Øvre.

Glad for debatten

Aleksander Øren Heen (Sp) er glad for at denne debatten no kjem fram fordi han trur dette er noko som opptar tangingane. Han er også overraska over reaksjonen til Kauppi.

– Eg kjenner tala og har dei godt dokumentert. Problemet er at me aldri har funne pengane. Me har eit samrøystes budsjettvedtak, der det ikkje var løyvd pengar til det. Det er situasjonen. Så kan ein sjølvsagt i revidert budsjett sjå om ein klarar å finna den halve millionen då, seier han og peika vidare på at Årdal Utvikling har eit ansvar i denne saka.

– Heile Årdal må takast i bruk, og det må vera utvikling på begge plassar. Diverre har det vore ei utvikling som går ned på Tangen, og så er det bra at det har peika oppover i Øvre, men eg håpar at me skal få til ein betre balanse og at næringsselskapet kan bidra til det. Eg seier ikkje at ikkje gjer det, men resultatet syner noko anna.

Eigedomsaktørar i sentral rolle

Også Glenn Morten Hestetun (Ap) ønsker også debatten velkomen, men legg vekt på at dette blir jobba med på høgste alvor.

– Årdal Utvikling har dreve ei sak lenge på dette med Tangen sentrum som fokus, og det som diverre har vore største bøygen er dei som sit på eigedommane i sentrum som kan forandre på dei og skapa aktivitet. Og gråpapiret er eigentleg ein saga blott slik eg har forstått det på siste møte i Årdal Utvikling. 

Dette var noko ordføraren støtta i sitt svar til Øren.

– Årdal Utvikling arbeider med ein del konkrete mindre etableringsprosjekt i sentrum av Årdalstangen. Bygningsmassen i sentrum er diverre gamal og i liten grad tilpassa moderne krav. Eigedomsaktørane i sentrum vil ha ei nøkkelrolle i kor raskt utviklinga vil gå, seier han og legg til at dei håpte å få fjerna gråpapiret og sett opp anna blikkfang i samband med Nasjonalparkfestivalen om to veker.

Til toppen