URYDDIG: Åge Årdal (innfelt) meiner Lærdal kommune framstår uryddige i turskiltsaka. Arkivfoto
meiningar
URYDDIG: Åge Årdal (innfelt) meiner Lærdal kommune framstår uryddige i turskiltsaka. Arkivfoto (Foto: Ole Ramshus Sælthun)
meiningar

Uryddige økonomiske transaksjonar i Lærdal kommune

Det er påfallande at Bærekraftprosjektet/Turlaget/Rådmannen hevdar at heile tilskotsbeløpet er ubrukt. Kven har då betalt prosjektutgiftene (skilt, tavler, kart, løn etc)? spør Åge Årdal.

  • Endret

Eg viser til sak 029/17 «Bærekraftprosjektet – overføring av midlar til Lærdal Turlag» i Lærdal kommunestyre 11.mai og omtale av denne saka både i Sogn Avis og Porten.no. Eg ønskjer med dette innlegget å legge fram nokre fakta i saka.

Les også: Meiner kommunen tildelte turlaget pengar som alt var oppbrukte

Sakspapira til sak 029/17 har følgjande samandrag: «Bærekraftprosjektet i Lærdal søkte om tilskot til prosjekt «merking av turstiar i Lærdal». Etter at prosjektet vart avslutta i regi av Bærekraftprosjektet stod det att midlar på kr. 210.323 på fond 25150054 i Lærdal kommune. Desse midlane vart 23.10.2015 overført til Lærdal Turlag, som skal fullføre merking av turstiar innanfor dei føringar som ligg i prosjektet».

Rådmannen gir, eit og eit halvt år etter utbetalinga, kommunestyret tilråing om å overføre beløpet til Lærdal Turlag for sluttføring av prosjekt «merking av turstiar i Lærdal». Rådmannen grunngjev vidare at det er ein formaliafeil som må rettast opp.

Prosjektet «Merking av turstiar i Lærdal», heretter nemnt «Merkeprosjektet» starta opp i 2011 som ein del av Bærekraftprosjektet Lærdal, som søkte og fekk tildelt forskotsmidlar (kr 110.323) frå Gjensidigstiftelsen/ Fylkeskommunen i 2011 og 2012, som ein del av eit nasjonalt prosjekt for merking og skilting av turvegar. I tillegg fekk Merkeprosjektet i 2013 tilskot frå Aurland og Lærdal Reiseliv, til saman kr. 210.323,- Dette beløpet blei i rekneskapet sett inn på Fond.

I oktober 2013 og oktober 2014 sender Lærdal kommune / Bærekraftprosjektet rapport til tilskotsgivar Fylkeskommunen om fullføring og avslutning av Merkeprosjektet i samsvar med forutsetningane for tildelinga med totale kostnader (løn, utgifter, dugnad) på kr. 526.000,-. Rapportane er underteikna av prosjektleiar (Helene Maristuen) i Bærekraftprosjektet og leiar i Turlaget (Trond Øyen Einemo). I vedlegg til sluttrapporten til Fylkeskommunen opplyser rådmannskontoret at prosjektet er ført som eige prosjektrekneskap. I etterkant av godkjent sluttrapport frå Fylkeskommunen er det utbetalt restbeløp på kr.36.508,- til Lærdal kommune. Kvar er desse midlane bokført ?

Seinare i 2014, i kommunestyremøte 18.12.2014, godkjenner Lærdal kommune «Sluttrekneskap for Bærekraftprosjektet» der «Tilskot Turstiar» (kr. 210.323,-) er ein del av inntektene. Sjøl om ikkje Utgifter til turstiar er synleggjort som eigen utgiftspost, har kommunen stadfesta at utgifter til innkjøp av skilt, turinfotavler, kart etc. er ført som kostnader i Bærekraftprosjektets rekneskap.

I saksdokumenta er det påfallande at det ikkje føreligg godkjenning av rekneskapen frå styret i Bærekraftposjektet (Styreleiar var ordførar Solheim). Det er heller ikkje godkjenning frå revisor.

Øyen Einemo (H), ein av dei som underteikna sluttrapporten til Fylkeskommunen, deltok i møtet.

I kommunestyretmøtet 11.05 viser rådmannen til at det var ein debatt i kommunestyremøtet 18.12.2014 om at det i Bærekraftprosjektet stod att Merkeprosjektmidlar og arbeid, og at midlane kunne overførast Lærdal Turlag som skulle overta ansvaret og fullføre prosjektet. Turlaget får ansvaret for å gjennomføre/sluttføre prosjektet og Turlaget skal rapportere til dei som har tildelt midlane. Som det framgår ovanfor var prosjektet imidlertid rapport ferdigstilt til Fylkeskommunen oktober 2014, to månader tidlegare. Midlane brukt i samsvar med retningslinjene. Det er ingen rapport til Fylkeskommunen etter 2014.

Kven kom med opplysningar i debatten? Opplysningane må ha komme frå nokon (representanten Einemo ?) som hadde tilknytning til Merkeprosjektet og Turlaget (leiar).

I saksdokumenta og referatet frå dette møtet er det ikkje eit einaste ord om Merkeprosjektet eller vedtak om å overføra midlar til Turlaget. Det føreligg såleis ikkje nokon konklusjon, annan enn ein munnleg debatt om overføring av «midlar som står att».

I oktober 2015, 10 månader etter avslutta arbeid, og avslutta og godkjent rekneskap (oppbrukte pengar), overfører Lærdal kommune kr. 210.323,- frå Fond til Lærdal Turlag. Men desse pengane var allereie bokført som inntekt i Bærekraftprosjektet i 2014. Når desse midlane også står på eit uavhengig fond, er dei same midlane bokført to stader, dette er det mange vil kalle «kreativ bokføring».

På førespørsel om dokumentasjon på underlaget for desse to postane, kan ikkje rådmannen framskaffe meir enn eit sett bilag, same bilaga, til dei to postane. Konklusjonen er at det her føreligg ein rekneskapsmessig feil ved at Fondet er blitt ståande.

Dersom det er, slik rådmannn/Turlaget hevdar, at det er midlar til overs i Bærekraftprosjektet, burde det framgå av saksdokumentet til kommunestyret 2014; det gjer det ikkje.

Det er påfallande at Bærekraftprosjektet/Turlaget/Rådmannen hevdar at heile tilskotsbeløpet er ubrukt. Kven har då betalt prosjektutgiftene (skilt, tavler, kart, løn etc) ?

Eit anna ubesvart spørsmål: Kven har gitt økonomiavdelinga ordre om å betale ut midlar til Turlaget ? Kva mynde hadde evt. denne personen?. Munnleg debatt i kommunestyret?.

Kommunen har økonomireglement der reglane for utbetaling tilseier at det skal liggje føre ei tilvisings (på eige skjema), dvs. utbetalingsordre frå den som har slikt mynde, vidare kva slags budsjettpost beløpet skal bokførast på. Slik dokumentasjon avviser rådmannen å framvise, eller kan ikkje.

Einemo finn vi igjen i fire roller i denne saka: Merkeprosjektteam, innsendar av rapport til Fylkeskommunen, deltakar i debatten i kommunestyret 2014 og leiar i Turlaget som mottakar av beløpet i 2015.

I følge referat i SA innrømmer rådmannen at det finns svært få skrifteleg dokument eller avtalar i denne saka: møtereferater frå Bærekraftprosjektet (NEI), beskrivelse uteståande arbeid (NEI), ubrukte midlar (NEI), avtale med Turlaget fra 2014 (NEI), dokumentasjon i samsvar med økonomireglementet (NEI), dokumentasjon av korleis ein kjem fram til at Sum Tilskotsmidlar er ubrukte (NEI), eige prosjektrekneskap for Merkeprosjektet (NEI). Derimot er det rapportert bruk av midlane til Fylkeskommunen.

Utbetalinga til Turlaget viser ei rekke ureglementerte forhold om krav til dokumentasjon og bærer preg av sviktande internkontroll i høve økonomireglementet og overtredelse av bestemmelsar om bokføring og dokumentasjon av rekneskapsopplysningar.

Saka, slik den er skildra her, er framlagt for rådmannen i epost frå underteikna 12.februar og medlemane i Lærdal kommunestyre før møtet 11.05. Det er difor urovekkande at rådmannen og to politiske parti (H og Sp) ikkje evnar å innsjå at utbetalinga vedrører noko meir enn ein formaliafeil, men ureglementert utbetaling av midlar som allereie er brukte. Alle kan gjere ufrivillige feil og det bør vere ei ærleg sak å innrømme det. Her er ein imidlertid vitne til overkøyring av fakta og bruk av fleirtallsmakt som ein ellers finn i samfunn ein ikkje ønskjer å samanlikne seg med. Etter avstemminga i kommunestyret den 11.mai, kva meiner Senterpartiet og Høgre budsjettdekninga for overføringa til Turlaget er å finne?

Saka er ellers til handsaming i kommunens Kontrollutvalg (KU) der ein ventar på uttalelse frå revisor. Det er difor underleg at det no er fremma sak i kommunestyret før det føreligg resultat frå KU. Kva er årsaka til dette ?, for å dekke over ei ubehageleg sak for rådmannen, administrasjonen, styreleiar i Bærekraftprosjektet (ordføraren) og leiar i Turlaget (varaordførar).

Avslutningsvis viser eg til at det i eit demokratisk samfunn er eit viktig prinsipp at ein som borgar skal vite kva myndigheitene held på med. Stortinget har bestemt at vi som hovedregel har rett til å lese saksdokumenter om arbeidet som blir gjort i offentleg sektor. Åpenheit er ein del av samfunnskontrakta og plikta dei som forvaltar offentlege midlar har.

Til toppen