STILLER SPØRSMÅL: – Korleis skal innbyggarane i Lærdal kunne tore å sette fram kritikk av kommunen når dei kan oppleve å verte møtt med personåtak frå rådmannen si side, spør Arne Sanden. 
meiningar
STILLER SPØRSMÅL: – Korleis skal innbyggarane i Lærdal kunne tore å sette fram kritikk av kommunen når dei kan oppleve å verte møtt med personåtak frå rådmannen si side, spør Arne Sanden. 
meiningar

Usakleg kommentar og personåtak frå rådmannen

Les kommentaren til Arne Sanden og spørsmål han ønsker at kommunestyret i Lærdal drøftar 7. mai 2015. 

  • Endret

Eg viser til oppslag i Sogn Avis 22. og 23. april kring ei sak om brot på innkjøpslova i Lærdal Kommune, som eg sende til kontrollutvalet. I kommentaren til mine påstandar om brot på lova, går rådmannen til eit usakleg personåtak på meg og set i tillegg fram påstandar som er usanne, då han hevdar at kommunen starta arbeidet med organisasjonsutvikling som følgje av ei gamal sak frå 2010, der underteikna hadde ei riolle.

Saka om organisasjonsutvikling starta ved at kontrollutvalet vart kjent med stor uro i organisasjonen i 2012 og intervjua mange tilsette om dette. Alle gav uttrykk med stor misnøye med rådmannen sin leiarstil og behandlinga dei fekk som følgje av endringar i organisasjonen. Kontrollutvalet handsama dette i eiga sak i juni 2012 og tilrådde at det vart starta eit arbeid med organisasjonsutvikling. Kontrollutvalet har i møte 30. april stadfesta at dette var bakgrunnen for utvalet sitt vedtak.

Formannskapet fatta vedtak i saka i oktober 2012 og gav grønt lys for å starte opp arbeidet. Rådmannen klargjorde allereie i saksutgreiinga hadde han hadde til hensikt å nytte sin eigen og kommuneleiinga sin mentor til arbeidet med både planlegging og gjennomføring av vedtaket. Kjøpet av tenesta, som FS gav grønt lys for, skulle ikkje underleggast innkjøpslova og innkjøpsreglementet som kommunen nyss hadde vedteke. Rådmannen varsla med andre ord sitt eige formannskap om lovbrotet allereie i saksutgreiinga, men det var ingen av formennene som reagerte, slik eg les sakspapira og vedtaket.

Kommunestyret i Lærdal er organet som har det fremste leiaransvaret for rådmannen. Det er difor kommunestyret som må svare for rådmannen sine handlingar og kommentarar, på godt og vondt.

Ingen som las kommentaren frå rådmannen i Sogn Avis 22.april kan vere i tvil om at den var framsett for å krenka underteikna og som eit trekk for å få fokus bort frå eigne handlingar i saka. Saka har slik ei viktig prinsippiell side:

Korleis skal innbyggarane i Lærdal kunne tore å sette fram kritikk av kommunen når dei kan oppleve å verte møtt med personåtak frå rådmannen si side? Og korleis meiner kommunestyret at kommuneleiinga skal møte kritikk frå eigne innbyggarar?

Eg oppmodar kommunestyret om å ta desse spørsmåla opp til debatt i det komande kommunestyremøte torsdag 7. mai.

Utan at det har noko betydning for dei spørsmåla eg her reiser, så har kontrollutvalet konkludert med brot på kommunen sitt innkjøpsreglement og innkjøpslova i saka om kjøp av tenester til organisasjonsutvikling.

Helsing Arne Sanden

Lærdal 5. mai 2015

Til toppen