USEMJE: Som lokale Høgre-politikarar ser Noralv Distad (t.v.) og Knut Arne Klingenberg kva konsekvensar ei fjerning av eigedomsskatten på maskiner vil føre til. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
USEMJE: Som lokale Høgre-politikarar ser Noralv Distad (t.v.) og Knut Arne Klingenberg kva konsekvensar ei fjerning av eigedomsskatten på maskiner vil føre til. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Usamde med regjeringa om maskinskatt

Dei lokale Høgre-partia i Sogn og Fjordane vil ikkje fjerne eigedomsskatten på maskiner i industrianlegg. 

Årdal/Aurland: Finansdepartementet sendte i sommar ut på høyring eit forslag om å endra reglane for eigedomsskatt på arbeidsmaskiner i verk og bruk. 

Som lokale Høgre-politikarar ser Knut Arne Klingenberg og Noralv Distad kva konsekvensar ei fjerning av maskinskatt i kommunane vil føre til.

Klingenberg var sjølv med på å godkjenne høyringsfråsegnet frå Årdal kommune, der det kjem tydeleg fram kva konsekvensar dette forslaget har for industrikommunen. 

LES OGSÅ: Lægreid har kontakta Giske og Støre over eigedomsskatten

Fordel for staten

– Dette er stikk i mot det me i Høgre her i fylket vil, seier Noralv Distad, ordførar i Aurland og gruppeleiar for Høgre Sogn og Fjordane.

Han og Knut Arne Klingenberg er samde om at det er staten som får fordelane ved ei endring i eigedomsskatten på maskiner, heller enn bedriftene i kommunane.

Distad syner og til uttalelsen frå kommuneorganisasjonen KS, som påpeikar at fjerning av maskinskatt vil kosta kommunane meir enn det regjeringa antyder. 

LES OGSÅ: Kutt i maskinskatt vil kosta kommunane dyrt

Tillit til regjeringa

I etterkant av forslaget frå Finansdepartementet som vart sendt ut på høyring 18. juni, har kommunar landet rundt sendt inn høyringsfråsegn.

– Eg har tillit til at regjeringa kjem til å finne ei god løysing på dette, utan at kommunane lir store tap, seier Distad.

Som Høgre-ordførar i Aurland og gruppeleiar for Høgre i fylket har han god kommunikasjon med regjeringa, noko han ynskjer å utnytte i Årdal og. 

– Me har store mogelegheiter til å påvirke regjeringa ved at Høgre er representert i kommunestyra.

Med Høgre representert i kommunestyret i Årdal, meiner Klingenberg og Årdal Høgre at kommunen får ein betre kommunikasjon med regjeringa, og større mogelegheit til å påvirke forslag som i dette tilfellet gjev kommunane dårlegare inntektsvilkår.

Til toppen