VARELEVERING: Formannskapet i Årdal var tysdag på synfaring i området der det nye bustadprosjektet i Storevegen 28 kan koma. Varelevering er eit av dei store spørsmåla politikarane måtte ta stilling til, men i formannskapet valte dei å lytta til utbyggjarane sitt ønske. Hilmar Høl (Ap) og Thomas Norheim Moen (Sp) ser på planane.
VARELEVERING: Formannskapet i Årdal var tysdag på synfaring i området der det nye bustadprosjektet i Storevegen 28 kan koma. Varelevering er eit av dei store spørsmåla politikarane måtte ta stilling til, men i formannskapet valte dei å lytta til utbyggjarane sitt ønske. Hilmar Høl (Ap) og Thomas Norheim Moen (Sp) ser på planane. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Usemje om varelevering kan setja bustadprosjekt i fare, men dei folkevalde var samde om kva dei vil

– Kva skal me forholde oss til dersom gjeldande reguleringsplan ikkje gjeld lenger?

Øvre Årdal: Spørsmålet er det Ole Vidar Øren i Legal Eigedom og Greta Steinheim i Årdal Boligbyggelag som stiller. Som Porten.no har skrive om før, ønskjer dei to å byggja eit burettslag i Storevegen 28 i Øvre Årdal.

Men vareleveringa til Bunnpris skapar hovudbry for prosjektet. Dei næraste naboane meiner vareleveringa bør skje frå Storevegen mellom bustadane 26 og 28 – at ein snur på den opne plassen bak bygget og køyrer ut att same veg.

I dag føregår vareleveringa via Parkvegen og Fridtjof Nansens veg. I den opprinnelege planen frå 1996 skal lastebilane eigentleg køyre rett fram via gågata og ut i Jotunvegen, men fordi det sett opp to blokkeringar, må dei snu og køyre same veg tilbake. Utbyggjar ønskjer at dei får levere varer etter planen frå 1996.

Står i fare

I FARE: Greta Steinheim og Ole Vidar Øren er heilt klare på at prosjektet kan ryka dersom vareleveringa ikkje blir som dei ønskjer.
I FARE: Greta Steinheim og Ole Vidar Øren er heilt klare på at prosjektet kan ryka dersom vareleveringa ikkje blir som dei ønskjer. Foto:  Truls Grane Sylvarnes

– Dersom ein trailer skal inn og snu på plassen, så vil heile området til carport og utemiljø gå med til det. Då må han stoppa der, losse av varene, og så skal dei berast til butikklokale. Det er heilt meiningslaust, meiner Øren, som sjølv opplyser at butikken har to–tre vareleveringar for dagen.

Både han og Steinheim er klare på at heile prosjektet vil stå i fare dersom eit slikt krav kjem inn. På det aktuelle området vil nemleg leggja til rette for carport og uteområde for dei som skal bu i burettslaget.

– Kva skal me små kjøpmenn og investorar, som ønskjer utvikling i eit lokalsamfunn og vil investere, forholde oss til når gjeldande reguleringsplan ikkje gjeld lenger? spør Øren.

Naboane er kritiske

Naboane på si side er kritisk til å føre trafikk forbi Farnes skule, som dei meiner allereie er ei trafikkfarleg gate. Dei er også kritisk til at store køyretøy skal passere inngangen til butikken og inn i gågata.

GJENNOMKØYRING: Her skal lastebilane eigentleg køyre vidare, men i dag står det to steinar som sperrar utkøyrsla.
GJENNOMKØYRING: Her skal lastebilane eigentleg køyre vidare, men i dag står det to steinar som sperrar utkøyrsla. Foto:  Truls Grane Sylvarnes

Då formannskapet handsama saka tysdag, lytta dei folkevalde til innspela Steinheim og Øren kom med etter å ha vore på ei synfaring i området først.

Etter først å ha kome med ros for at nokon torer å satse, sa politikarane ein etter ein at dei ville gå inn for løysinga som Øren og Steinheim hadde håpa på.

Politikarane samrøystes

– Ein viktig grunn til det er at transporten forbi Farnes skule vil bli halvert ved at dei framleis vil køyre inn her, men heller køyre ut igjen via gågata, sa Sandra Opheim (MDG).

Frå Arbeidarpartiet si side vart det også framheva at kommunen skal sjå nærare på samfunns- og arealdelen i kommuneplanen i åra som kjem, og at ein i det arbeidet kan finna betre heilskaplege løysingar for heile sentrum – også det aktuelle området.

– Me kan ikkje stoppa ein detaljreguerlingsplan på grunn av utfordringane her, sa Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap).

Saka skal også opp til handsaming i kommunestyret.

Dette bestemte dei

Slik lyder tilrådinga som formannskapet gjekk samrøystes inn for.

  • Årdal kommunestyre godkjenner i samsvar med § 12-12 i plan- og bygningslova Detaljreguleringsplan for Storevegen 26 og 28 samt Fridtjof Nansensveg 1, med følgjande endringar/tillegg i føresegne og plankartet:
    1. Byggegrensa i område B mot vest vert lagt i fasadeliv på eksisterande bygg med føresegner som opnar for at uteplass i form av t.d. balkong eller liknande konstruksjon som kan stikke inntil 2 meter utanfor fasadeliv/byggegrensa.
    2. Det skal innarbeidast føresegn som sikrar at det innanfor område B mot vest vert ført opp skjermvegg.
    3. Planen vert justert slik at det vert opna for etablering av bustad på gateplan i område B1.
    4. I samsvar med føringane i vedteken reguleringsplan for Farnes sentrum vert løysinga med varelevering via Parkvegen/Fridjof Nansens veg og med retur via gågata vidareført. Det skal leggast inn avbøtande tiltak i føresegnene som avgrensar transporten. Av føresegnene skal det gå fram at varelevering til større/forretningar som eks. daglegvare som kjem med lastebil (stor) skal skje på kvardagar før 08.00 og mellom 10.00 og 14.00. Mindre forretningar og transport med mindre køyretøy (inntil liten lastebil) kan nytte arealet avsett til bygg og anlegg.
  • Årdal kommunestyre opphevar i samsvar med § 12-14 i plan- og bygningslova Reguleringsplan for Farnes sentrum, gnr 18, bnr 23, vedteken av Årdal kommunestyre den 5. februar 2009 i sak 004/09 (Planid.: 1424-2009002).
Til toppen