KAN BLI DROPPA: På Tistelteigen på Kaupanger står det i dag nokre gamle studenthus. Slik kan området bli fornya, om det er etterspurnad i marknaden og utbyggjar og kommunen blir samde.
KAN BLI DROPPA: På Tistelteigen på Kaupanger står det i dag nokre gamle studenthus. Slik kan området bli fornya, om det er etterspurnad i marknaden og utbyggjar og kommunen blir samde. (Illustrasjon: Arkitektkontoret 4B)

Usemje om vegtilkomst kan velta dette bustadprosjektet

Utbyggjarane er oppgitte av det dei ser på som urimelege krav frå kommunen. Bustadprosjektet på Kaupanger har måtta gå mange rundar i papirmølla. I mellomtida tårnar kostnadane seg opp.

Kaupanger: Selskapet HAH Eigedom ønskjer å byggja ti små leilegheitsblokker på Kaupanger, om interessa i marknaden skulle vera der.

Planen er då å gradvis riva og erstatta dei gamle studenthusa, som inntil nyleg var bustader for flyktningar. Sidan asylmottaket vart lagt ned har dei stått tomme.  

Om planane vert sett ut i livet, ønskjer dei å gje heile området eit løft. Men utbyggjarane er i ferd med å mista tolmodet etter usemje med kommunen, spesielt om vegtilkomsten.

STÅR TOMME: Dei gamle studentbustadene har stått tomme sidan asylmottaket i Sogndal vart lagt ned tidlegare i år. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Me har vurdert å trekka forslaget og heller skilja ut husa, og selja dei eitt og eitt, slik me først hadde tenkt, seier Arild Andersen, som til dagleg driv Andersen og Hofslundsengen Bygg i Sogndal.

Saman med kompanjong Magne Hofslundsengen og Jon Erik Brox Holme i Sogn og Fjordane Bygg, utgjer han trioen som står bak HAH Eigedom.

– Ikkje løge det blir dyrt for førstegongsetablerarar

Planen var opphavleg å pussa opp husa og tilby billege leilegheiter til førstegangsetablerarar. Då kommunen kravde detaljregulering, valde utbyggjarane å tenkja større.

Dei fekk laga ein plan som legg opp til å byggja ti små leilegheitsblokker med til saman 50 bueiningar. Dei nye bygga skal gradvis erstatta dei gamle etter kvart som dei første byggjetrinna forhåpentlegvis blir selde. 

Undervegs i arbeidet har kommunen og utbyggjarane vorte usamde om fleire moment ved utbygginga, der vegtilkomst og parkering har vore dei to store. Det har òg gjort at kostnadane har balla på seg.

Til no har utbyggjarane lagt ut for meir enn 300.000 kroner i arkitektkostnader og lagt ned mykje tid sjølve for å få til noko på det forlatne området. Og enno reknar dei med at siste rekninga ikkje har kome.

– I min verden er det galskap at det skal kosta oppimot ein halv million å få omregulert studentbustader til bustader, seier Andersen.

–  Det er ikkje løge det blir dyrt for folk å koma seg inn på bustadmarknaden når det er dette som skal til for å få byggja, seier Jon Erik Brox Holme, som er medeigar i HAH Eigedom.

TOMMELEN NED: Utbyggjar ønskjer to innkøyrsler mot Furuvegen, slik du kan sjå teikna nede til høgre i biletet. Kommunen vil berre godta èi, men det gjer parkering under husa vanskeleg å få til, på grunn av høgdeforskjellen mellom blokkene i rekka.  Illustrasjon: Arkitektkontoret 4B

– Då er du i drøymeland

Utbyggjarane ser for seg to innkøyrsler i Furuvegen ned mot Kaupangersenteret, og parkering under kvart hus. Dette meiner dei er den einaste praktiske løysinga, på grunn av den store høgdeforskjellen frå første til siste hus i rekka.

Kommunen ønskjer èi avkøyrsle, og har føreslått felles parkeringskjellar under bakken som ei mogleg løysing for å få det til.

– Då er du i drøymeland, meiner eg. Det går ikkje an, seier medeigar Magne Hofslundsengen.

– Det blir for kostbart. Me er ikkje i Oslo, supplerer Andersen.

I sist møte i forvaltingsutvalet vedtok politikarane tilrådinga til administrasjonen, som mellom anna krev at tilkomsten blir endra.

Utbyggjarane har lita forståing for at planen deira no kjem i retur.

– Når me er innafor dei vedtekne vegnormene, så føler me at me har gjort det me skal, seier Hofslundsengen.

Han fortel at dei etter vedtaket i forvaltingsutvalet har sendt inn ein søknad om å få bygga med ei innkøyrsle, men at dei ved behov kan søka om ei til, utan at det blir kravd reguleringsendring.

Rådmannen: – Bustadbygging sterkt ønskjeleg

I motsetning til utbyggarane, meiner kommunen at løysinga med to innkøyrsler ikkje tilfredstiller vegnorma.

– Det er ikkje tiltakshavar som tolkar og forvaltar vegnorma til kommunen, det er det fagavdelinga hos oss som gjer. Dei har vurdert det slik at løysinga med to innkøyrsler ikkje sikrar ein trygg nok og god nok veg, seier rådmann Jostein Aanestad.

HAR TRUA: Rådmann Jostein Aanestad seier krava dei stiller er for å sikra gode bumiljø. Foto: Halvor Farsund Storvik/Arkiv

Han seier at parkeringskjellar berre er eitt mogleg alternativ og at det er opp til tiltakshavar å finna løysingar som fungerer ut ifrå rammene kommunen har lagt.

Rådmannen understrekar samstundes at kommunen ønskjer å legga til rette for bustadbygging og at fornying av det aktuelle området er sterkt ønskjeleg.

– Føremålet med dei rammene som forvaltingsutvalet har lagt, er å sikra gode bumiljø. Det vil alltid vera ein balanse mellom kva krav ein skal setta, og ønsket om å sikra naudsynt bustadbygging. Det er difor me har dei normene me har, for å sikra ei føreseieleg forvalting. Me håpar og trur at utbyggar vil finna praktiske løysingar innan rammene som ligg til grunn, seier Aanestad.

Til toppen