Årdal: For å løfte yrkesfaga ønskjer LO-leiar Gerd Kristiansen å ha nye statlege «faghøgskular», skriv Klassekampen.
– Om fagskulane blir styrkte til ei «høgare» yrkesfagleg utdanning, kan det føre til at elevane vel yrkesfag, når dei ser at dei har karrieremoglegheiter, meiner ho.
Målet til LO-leiaren er å heve kvaliteten og statusen til dei praktiske faga.
Y-veg
At yrkesfaga bør få heva status, er Kauppi samd i, men seier ho er usikker på om svaret er å gjere fagskulen statleg.
– Eg er heller for meir Y-veg – at alle med fagbrev kan ta høgare utdanning på høgskule eller universitet utan generell studiekompetanse, seier Kauppi.
Dårleg rådgivingsteneste i ungdomsskulen
Tidlegare har Klassekampen skrive om korleis elevane med best karakterar på ungdomsskulen vert råda til å velja yrkesfag fordi dei er for smarte. Kristiansen meiner rådgivinga i ungdomsskulen er for dårleg, noko Kauppi er samd i.
– Det er eit paradoks at til dømes VG2 kjemi og prosess på Årdal vidaregåande skule har få søkjarar når alle som har teke den utdanninga har fått læreplass og fagbrev.
– Fleire har etter fagbrev teke y-veg og bachelor. Dette er ein altfor lite kjent karriereveg, og det er dei føresette som må få denne informasjonen, seier Kauppi.