SØKJER FOLK: Festivalsjef Katrine Clausen Fredheim og stiftinga Målrock, søkjer nye krefter som vil vera med å ta festivalen vidare.
SØKJER FOLK: Festivalsjef Katrine Clausen Fredheim og stiftinga Målrock, søkjer nye krefter som vil vera med å ta festivalen vidare. (Foto: Arkiv)

Usikkert om det blir Målrock 2020

Stiftinga Målrock søkjer nye krefter som kan ta festivalen vidare.

Årdal: Musikkfestivalen Målrock har vore ein tradisjon kvar sommar sidan 2003, og er ein av dei lengstlevande festivalane i landet. Men det har knytt seg stor spaning til om det blir festival i 2020.

No opplyser stiftinga at dei treng nye krefter som kan ta Målrock vidare, sidan nokre av dei gamle travarane har bestemt seg for å gje seg.

– Planlegginga av 2020-festivalen er diverre på etterskot på grunn av desse faktorane, men det er enno fullt mogleg å skapa ein fantastisk festival i 2020 óg, dersom me får inn krefter som har lyst å bidra, seier styreleiar i Målrock, Katrine C. Fredheim i ei pressemelding.

Takkar publikum

16 ÅR: Målrock har blitt arrangert kvar sommar sidan 2003. Her frå Kjartan Lauritzen sin konsert i 2018. Foto:  Sunniva Knutsen

Stiftinga takkar publikum som har møtt opp kvart år sidan 2003, og vonar det er nokre engasjerte sjeler som vil vera med å bidra. 

– For oss i stiftinga er Målrock noko veldig spesielt, det handlar om samhald, det handlar om engasjement, det handlar om å skapa liv og røre og det handlar om bygda si store stoltheit. At me som jobbar med dette skal sjå resultatet av fleire frivillige årsverk bli til verkelegheit. Det er rørande å sjå at publikum møter opp, år etter år, står det i pressemeldinga.

Til toppen