SJU AV SJU: Jotundamene er ustoppelege for tida. I dag var det gjestene frå Syril som fekk unngjelde. Foto: Halvor Farsund Storvik.
SJU AV SJU: Jotundamene er ustoppelege for tida. I dag var det gjestene frå Syril som fekk unngjelde. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Ustoppelege Jotun tok sjuande strake

Dei gjorde det unødvendig spanande på slutten, men årdalsdamene tok sigeren til slutt.

Jotun - Syril: 24-22

Jotundamene kan i kveld feire julebord på toppen av tabellen etter at tok årets sjuande strake siger mot Syril.

I andre omgang leia heimelaget på det meste med ni mål, men avstanden var korta ned til berre to då dommaren bles i fløyta.

– Jentene viser framgang og gjer ein god prestasjon i førti minutt i dag. Det var aldri fare slik sett, men på slutten gjer vi det unødvendig vanskeleg for oss sjølve. Det må vi berre lære av, seier trenar Oli Sveinsson.

Les også: Damene med sin sjette siger på rad
Les også: – Det handlar om å gjera kvar enkelt så god som mogleg

Dominerte store delar av kampen

Heimelaget starta famlande og låg under 1-3 etter seks minutt. Etter kvart vakna derimot dei raudgrøne og opparbeida seg ei firemålsleiing til pause.

LUGGENES I LUFTA: Andrea Luggenes var delt toppscorar for Jotun med seks mål, og stod ikkje minst fram i dei kaotiske sluttminutta.
LUGGENES I LUFTA: Andrea Luggenes var delt toppscorar for Jotun med seks mål, og stod ikkje minst fram i dei kaotiske sluttminutta.

Susanne Myrland og Martine Låksrud Øyre skal ha mykje av æra for det, begge putta tre mål kvar før kampen var halvspelt.

Andre omgang starta forrykande. Tre strake jotunmål frå Ine Myrland, Andrea Luggenes og Vanja Thomassen Øren gjorde at leiinga var dobla allereie etter seks minutt.

Syril greidde å knappe innpå leiinga, men Jotun svara og drøye kvarteret ut i omgangen lobba Andrea Luggenes inn 20-12 på vakkert vis.

Kaotiske sluttminutt

Leiinga auka til ni mål, men då sigeren verka sikra sette Syril inn ein skikkeleg sluttspurt. Tre minutt før slutt var leiinga redusert til tre mål. Igjen stod Andrea Luggenes fram og fekk roa nervane med hennar sjette scoring for kampen.

NØGD TRENAR: Jotuntrenar Oli Sveinsson seier dei skal lære av måten Syril slepp inn att i kampen, men er nøgd med at laget tok sin sjuande strake siger.
NØGD TRENAR: Jotuntrenar Oli Sveinsson seier dei skal lære av måten Syril slepp inn att i kampen, men er nøgd med at laget tok sin sjuande strake siger.

Syril fekk henta inn eitt mål til, men til slutt vart det siger 24-22 til Jotun.

–  Eg trur folk blir litt stressa og vi var sliten alle saman, så vi dett litt nedpå. Men vi hentar oss inn att, så alt i alt er det ein veldig bra kamp frå vår side, seier seksmålsscorar Luggenes.

Etter kampen var trenar Sveinsson mest oppteken av det positive.

– Sju av sju, det er godt gjort av denne gjengen her, så dei skal ha masse skryt, både av prestasjon og innsats, seier han. 

Til toppen