USTOPPELEGE: Sogndal var suverene på heimebane i kveld.Toppscorar Vilde Nordlid trur ingen kan stoppe dei i kampen om opprykk.
USTOPPELEGE: Sogndal var suverene på heimebane i kveld.Toppscorar Vilde Nordlid trur ingen kan stoppe dei i kampen om opprykk.

Ustoppelege Sogndal valsar vidare

Tok sin tolvte siger på rad mot Vik i kveld.

Sogndal - Vik: 31-17

– Det følest veldig bra. Vi spelar som eit lag, rullar kvarandre opp og gjer kvarandre gode, seier toppscorar Vilde Nordlid etter kampen.

Det var duka for toppoppgjer då tredjeplasserte Vik kom til Sogndal for å møte serieleiaren i andre avdeling av 4. divisjon.

Heimelaget kom til kampen proppfulle av sjølvtillit. Sogndølene står utan poengtap og for to dagar sidan slo dei Florø 2, laget som for knappe to veker sidan påførte Årdal sitt andre tap på rad for sesongen.

Les også: Sogndal klare til å ta over trona i kvinnehandballen

Heller ikkje Vik greidde å sette dei kvitkledd på skikkeleg prøve. Første omgang vart heller målfattig, 11-6 i favør Sogndal, men etter pause eksploderte det.

– Vi slit litt framover i første, kjem oss til sjansar, men blir for utolmodige når vi skyt og då går mykje i treverket. Vi reiser oss i andre, så eg er veldig nøgd med jentene, oppsummerer trenar Ole Kristian Gjerstad.

Anført av toppscorar Nordlid vart vikjene skotne i stykker den siste halvtimen. Til slutt stod det 31-17 på scoringstavla.

Med taktene Sogndal har vist denne sesongen er det vanskeleg å sjå kven som kan ta fra dei førsteplassen, den eine som gir sjansen til å spele om opprykk.

– Vi har hatt nokre ganske store sigrar no. Men om vi endar på toppen av tabellen, så vil vi møte vi eit godt lag frå bergensregionen. Det er det vi må jobbe mot, seier trenaren.

Dagens toppscorar er hakket meir optimistisk.

– No trur eg faktisk ikkje det er nokon som kan stoppe oss. No går det rett til topps og vidare til tredjedivisjon, seier ei smilande Vilde Nordlid etter kampen.

Til toppen