KRITISERER: Audun Mo, Hilmar Høl, Ingrid Heggø og  Leiv Jarle Bergheim.
KRITISERER: Audun Mo, Hilmar Høl, Ingrid Heggø og Leiv Jarle Bergheim. (Foto: Arkiv)

Ut mot politireform: «Vi treng eit styrka politi og betre lokal beredskap i Indre Sogn!»

Men kva med det lokale politiet? Spør Audun Mo, Leiv Jarle Bergheim, Hilmar Høl, Lene Vågslid og Ingrid Heggø.

Meiningar: For Arbeiderpartiet er det heilt klart at regjeringa på ingen måte har følgt opp at landet skulle få eit sterkare nærpoliti eller vedtaket fatta i Stortinget om at alle attverande teneststader skal styrkast .

  • Nærpolitireforma: Er beredskapen i distriktet svekka? Politibetjent Åslaug Golf Kaardal meiner samlokalisering av politikontora i Årdal, Lærdal og Aurland vil føre til betre tenestar. Les heile saka her

Sanninga er at reforma som ikkje skulle bli ei sparereform har vorte det. I fleire år har politidistrikta sine driftsbudsjett vore svært tronge, meirforbruket har auka i fleire politidistrikt, og det har ikkje vore nok ressursar til å fylgje opp dei klare intensjonane i nærpolitireforma. Det er ikkje berre Arbeidarpartiet som meiner dette, Politiets Fellesforbund som organiserer flest politifolk i landet, er tydelege på at folk er halde for narr.

Folk er halde for narr

Audun Mo, Leiv Jarle Bergheim, Hilmar Høl, Lene Vågslid og Ingrid Heggø

Ingenting er sjølvsagt heilt svart. Det har skjedd både kvalitetsheving og ei styrking av delar av landet sitt beredskap dei seinare åra. Politiet har fått nye metodar, ein har fått sterkare felles etterforskingseiningar og ei styrka bemanning då særleg øvst i organisasjonen.

Men kva med det lokale politiet?

Umogleg situasjon

For Indre Sogn sin del gjeld det same vedtaket som alle andre stader; folk er lova eit styrka politi der dei bur og folk er lova styrking av dei lensmannskontora som ikkje vart lagt ned i samband med strukturendringane i reforma. Dette gjeld for alle dei tre kontora i Lærdal, Aurland og  Årdal.

Mange politileiarar er sett i ein nesten heilt umogleg situasjon då ein skal levere på mål og intensjonar utan at det er nok midlar vert overordna ei styrking av kontora , som mange stader i landet vert sett opp mot kvarandre. Slik skal det ikkje vera.
Politiet skal setjast i stand til å løyse heile samfunnsoppdraget sitt. Det er ikkje slik at all kriminalitet har flytta seg frå «gata til data», og at ein ikkje lenger treng at politiet er fysisk til stades. Politiet har ei stor oppgåve i å førebyggje, avdekke og etterforske svært alvorleg kriminalitet. Førebygging er politiets primærstrategi, og det krev eit sterkare nærpoliti. 

Førebygging er politiets primærstrategi, og det krev eit sterkare nærpoliti

Audun Mo, Leiv Jarle Bergheim, Hilmar Høl, Lene Vågslid og Ingrid Heggø

Vi kan ikkje akseptere at alvorleg kriminalitet skal setjast opp mot politiets evne til å handtere det som kan omtalast som «kvardagskriminalitet». Dersom me politisk gjer det så er me med på å endre dei grunnprinsippa politilova og politiet sitt samfunnsoppdrag byggjer på.

Meir køyring i rus

Dersom politiet vårt blir mindre til stades eller har for dårleg responstid, så vert risikoen for å bli oppdaga svekka. I altfor mange lokalsamfunn får vi tilbakemeldingar om til dømes auka grad av ruspåverka køyring, og om eit politi som alt for ofte er sist på skadestaden.

Det lokale brann og redningsvesenet har mange stadar blitt vikar-politi. Dette er ikkje polititilsette sin feil, dei manglar rett og slett budsjettmidlar.

Arbeiderpartiet føreslo i revidert budsjett at dei om lag 400 midlertidige politistillingane som kom i samband med koronapandemien skulle verte permanente. Vi meiner sjølvsagt det er positivt at regjeringa i samband med statsbudsjettet for 2021 no foreslår at desse politistillingane vert  permanente og at desse skal inngå i politidistrikta våre, men først etter det ekstraordinære behovet knytt til korona-pandemien er over.

Men dette veit vi ikkje når blir, sjølvsagt.

Dette er ikkje polititilsette sin feil, dei manglar rett og slett budsjettmidlar

Audun Mo, Leiv Jarle Bergheim, Hilmar Høl, Lene Vågslid og Ingrid Heggø

Derfor foreslår Arbeiderpartiet i sitt alternative budsjett ei ytterlegare styrking av politi- og påtalemyndigheit for 2021 med om lag 220 millionar kroner utover regjeringa sitt forslag.

Vi meiner også at ein må sikre at løyvingane frå Stortinget i større grad når politidistrikta våre, ut i dei geografiske driftseiningane som det heiter og at pengebruken i Politidirektoratet avgrensa

Til toppen