Sogndal: – Det vert slik ein fantastisk energi med engasjerte folk, felespel og dans, seier ein engasjert leiar, Oddbjørn Skjerdal.
Kappleik har vore ein norsk tradisjon sidan 1800-talet, og eldsjeler held dansen og musikken ved like. Denne helga vert det arrangert fylkeskappleik i Sogndal, arrangert av Sogn Spel- og Dansarlag og Aurland Spelemannslag.
– På opningskonserten på fredag var me nær 250 menneskje. I dag under tevlingane er me også mange. Det er kjekt å sjå at me som bryr oss om kulturtradisjonar har slik ein møteplass, seier Skjerdal.

Eldsjelene får det til å gå rundt
Det er fyrste gong Skjerdal er sjef for arrangementet, og det har vore både tungt og kjekt.
– Det var mykje stress å få dette til, i alle fall til alt fall på plass for nokre veker sidan. Me har jobba med dette i snart eit år, og det meste vert jo gjort på dugnad. Eg er so utruleg glad for at dei frivillige gjev av si tid for å få dette til, seier Skjerdal.
Og enno er det ikkje over. Heile laurdagen er det tevlingar for store og små før premieutdeling på kvelden.
– Det heile er over i kveld, men då må me berre byrje planlegge neste år. Det gler eg meg til, seier Skjerdal.
