VEKS: Veksten i Sogndal ser ikkje ut til å bremsa.
VEKS: Veksten i Sogndal ser ikkje ut til å bremsa. (Foto: Arkiv)

Utan Sogndal hadde folketalet i fylket gått i minus

Den positive utviklinga i saftbygda held fram.

Sogndal: Måndag publiserte SSB ferske innbyggjartal for utgangen av første kvartal 2019. Sogndal veks klart mest i fylket dei første tre månadene av året. Heile 25 nye innbyggjarar har det blitt. Lærdal har òg ein fin vekst på ti personar.

Ellers er trenden dyster i fylket under eitt, med ein nedgang 86 personar frå førre kvartal.

GLAD DUO: Både Lærdal og Sogndal opplever folketalsauke i første kvartal i år. Det gler ordførarane Jarle Aarvoll og Jan Geir Solheim. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Eg gler meg på vegner av dei kommunane som opplever vekst, for det betyr utruleg mykje. Det er eit signal på at samfunnsutviklinga er positiv, seier ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal.

Fleire kvalitetar lokkar

Tala frå kvartal til kvartal kan svinga, men dominansen til Sogndal er minst like sterk om me ser trenden over tid.

Dei siste fem åra har folketalet i Indre Sogn auka med 494 personar, i fylket er auken 465 personar (sjå tabell). Auken i Sogndal den same perioden er 494 personar, altså hadde Indre Sogn gått i null, og fylket i minus, utan saftbygda.

– Det er litt spesielt at me over så lang tid har opplevd så sterk auke i folketalet når me ser korleis utviklinga er andre plassar, seier Aarvoll.

Han trur naturgjevne kvalitetar, kombinert med interessante jobbar og urbane kvalitetar er med på å forklara suksessen.

VEKSTTABELL: Sogndal har leia veksttabellen i Indre Sogn dei siste fem åra. Luster var oppe og kniva i fjor, men får botnplasseringa i år. Årdal er einaste kommunen som har gått i minus i heile perioden. Trykk på biletet for større versjon.  

– Å finna enkeltårsak til vekst er ikkje lett, men dei som vel å komma til vårt område, ønskjer dei verdiane og kvalitetane som me har her, seier han.

– Nøydde til å snu trenden

Kollegaen i Lærdal gler seg over at dei har greidd å snu ein negativ trend. Ti innbyggjarar i pluss det siste kvartalet, 21 i pluss det siste året, er fasiten.

– Eg ser at det verkar det me gjer. Endeleg er me komne på plussida på bustader, det blir bygd godt mange plassar, seier han.

Generelt meiner han det er viktig at det blir jobba med inkludering og integrering, slik at at nye innbyggjarar føler seg velkomne. Det aukar sjansen for at dei blir.

Han tykkjer óg utviklinga av alternative buformer er spanande, som til dømes klyngetun, der ein prøver å tenka nytt rundt måten folk bur på, med fokus på fellesløysingar.

Den generelle trenden i fylket tykkjer han ikkje er kjekk lesnad.

– Me blir ikkje berre færre, men me blir eldre óg, så dette er skremmande. Dette bør vera den viktigaste saka i valkampen, kva har politikarane tenkt å gjera med dette? Me er nøydde til å snu trenden, seier Solheim.

BAKGRUNNEN: Her er tala som er brukt i tabellen over. Det er teke utgangspunkt i innbyggjartala ved utgangen av første kvartal kvart år. Som me ser hadde kommunane stort sett vekst i første halvdel av perioden, og stort sett minus i andre halvdel.
Til toppen