TRE POLITIANMELDT: Tre utanlandske tungbil-sjåførar vart meld til politiet grunna ulike grove brot på Håbakken kontrollstasjon i dag.
TRE POLITIANMELDT: Tre utanlandske tungbil-sjåførar vart meld til politiet grunna ulike grove brot på Håbakken kontrollstasjon i dag. (Foto: Arkiv)

Utanlandsk tungbilsjåfør meldt til politiet for grovt brot på lastesikring: – Kunne sjå at det var noko gale

– Dette er rimeleg alvorleg. Det kan i verste fall føre til at han ender opp i feil vegbane, eller at han i ein venstre sving køyrer ut av vegen.

Lærdal: Statens vegvesen held fram med kontrollane på Håbakken. I dag kom dei over eit av dei grovaste brota på lastesikring, dei har sett på lenge. 

Det resulterte i at ein ukrainsk sjåfør for eit estisk transportfirma vart anmeldt til politiet.

– Alle stroppane var slakke, medan to-tre av dei var heilt lause.

– Me kunne sjå på utsida av bilen at det var noko som ikkje var slik det skulle vera, seier Bjørn Frækaland, kontrollør på Håbakken, til Porten.no.

- Kunne køyrt av vegen 

Då dei opna lasterommet til vogntoget kunne dei sjå to etasjar med emballasjepapp stabla oppå kvarandre. 

ANMELDT: Slik såg det ut i lasterommet til ein ukrainsk sjåfør for eit estisk transportfirma. Lasta var heilt usikra, og har tydeleg flytta seg frå side til side. Foto: Statens vegvesen

Det var tydeleg at den 22 tonn tunge lasta hadde flytta seg fritt frå side til side. 

– Dette er rimeleg alvorleg. Det kan i verste fall føre til at han ender opp i feil vegbane, eller at han i ein venstre sving køyrer ut av vegen, seier Frækaland. 

Den utanlandske sjåføren starta turen i Trondheim, og hadde sikra lasta med stroppar. Men med ei så høg og tung last, burde han ha stoppa og ettersikra lasta undervegs, ifølgje Frækaland. 

Han fortel at sjåføren forstod omfanget av alvoret då han opna lasterommet. Men at han likevel burde ha skjønt at noko var gale tidlegare: 

– Dersom han hadde sett i sidespeglane sine ville han ha sett at det var noko gale, og kunne ha stoppa for å sjå. Det har han ikkje gjort. 

Føraren vart anmeldt til politiet på staden, og vart pålagt å lasta av heile lasta si, for å lasta og sikra ho på nytt. 

Ville ikkje stogge for kontroll

Under same kontroll, vart ein svensk sjåfør anmeldt for å ikkje stogge for kontrollen. Vegvesenet fann fort ut kvifor.

Sjåføren vart anmeldt grunna blant anna manglande yrkessjåførkompetanse og løyve til å utføra godstransport på veg.

Han hadde òg manglande bombrikke og fekk bot på 8000,-, samt det mangla registrerings-dokument på vogntoget, og eitt dekk var slite heilt ned. 

I alt vart 102 køyretøy kontrollerte.

Til toppen