Sogndal: Den utanlandskregistrerte lastebilen vart stoppa av politiet i Sogndalsdalen tidlegare i dag. Føraren fekk bruksforbod til alle dekka var skifta, samt 3000 kroner i bot.
Kanskje litt uventa er det framleis lov å køyre på sommardekk, så lenge vêr og føre tillet det. Men etter 1. november må mønsterdybden vere minst tre millimeter uansett dekktype.
Men på nullføre og fire hundre meter over havet er ikkje tida for å spekulere på slike spissfindigheiter.