TUNNEL: Seimsdalstunnelen er einaste veg mellom Seimsdalen og Årdalstangen, og vart opna i 1962.
TUNNEL: Seimsdalstunnelen er einaste veg mellom Seimsdalen og Årdalstangen, og vart opna i 1962. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Utbetring av Seimsdalstunnelen på anbod – kan bli vegstenging

Det skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

Årdal: Tunnelen i Årdal kommune skal utbetrast, og 30. juni er det anbodssynfaring.
Då kan vegen bli stengt i inntil ein halv time.

I samband med synfaringa av tunnelen tysdag 30. juni kan vegen mellom Årdalstangen og Seimsdalen bli stengt i inntil 30 minutt mellom kokka 14 og 15.

Seimsdalstunnelen skal utvidast og bli om lag dobbelt så brei, og få gang- og sykkelveg. 

Får gang-og sykkelveg

Etter den omfattande utbetringa vil tunnelen tilfredsstille krava i Tunnelsikkerheitsforskrifta.

Det blir også bygd om lag 500 meter gang- og sykkelveg på Seimsdalssida av tunnelen, og 100 meter på sida mot Årdalstangen.

På desse strekningane blir vegen også oppgradert. 

Fylkesvegprosjektet skal vere ferdig innan april 2023. Tilbodsfristen er 26. august, med arbeidsstart hausten 2020.

Til toppen