Øvre Årdal: Martin Andersen som styrer bustadprosjektet i Storevegen 67 i Øvre Årdal seier han vart heilt mållaus då han fekk høyre politikarane sitt krav om ein nærleikeplass dersom han skal få lov til å gå i gang med prosjektet.
– Det høyrest ut som me skal byggja ein ny bydel. Me fekk eit krav på ein leikeplass på 350 kvadratmeter – til seks leiligheiter. At ein skal bruka tid og ressursar på sånt. Kven er det som kjem til å bu der? Jo, personar som har passert 50 og ikkje skal ha fleire ungar, seier Andersen oppgitt.
Han avviser kravet, men lovar at dei kjem til å setja opp ei sandkasse, eit huskestativ og ein benk. Kor mykje plass det skal ta på eigedommen, meiner han det ikkje burde vera krav om.
– Det kan henda me brukar 19 eller 30 kvardratmeter. Me skal få det til å gå opp òg. Dette blir prinsipp. Eg trudde det var heilt andre ting som skulle stå i fokus med eit slikt prosjekt, seier han.
– Mest barnevenlege området i Øvre Årdal
Då formannskapet i Årdal hadde møte for berre to veker sidan, var dei samstemte om at ein nærleikeplass burde setjast opp dersom Herman Andersen AS skal få setja opp seks bueiningar.

Ting kan tyde på at det har vore litt forbirring rundt definisjonen på ein nærleikeplass. Det inneberer nemleg at ein må setja av opp til 50 kvadratmeter per bueining til leikeplass. Tilrådinga var difor endra til at ein legg inn eit krav på 50 kvadratmeter til ein minileikeplass.
Tysdag kom saka opp på nytt. Då var Hilmar Høl (Ap), som ikkje deltok i det førre møtet, klar på at eit slikt krav skulle ikkje politikarane stilla. Då delte formannskapet seg i to.
– Eg stolar på at utbyggar gjer det dei seier dei skal gjera. Difor vil eg ha tilbake det opprinnlege framlegget om at me godkjenner planen. Hadde dette vore eit krav, trur eg administrasjonen ville ha lagt det inn frå starten. Set ein ein passar ned i Endregarden med 300 meters omkrets, vil ein vera innanfor det mest barnevenlege området i heile Øvre Årdal, sa Høl i møtet og fekk støtte frå samtlege i Senterpartiet.
Gode bumiljø
Partikollega Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) og Sandra Opheim (MDG) var ikkje samde. Dei stod framleis på kravet og hadde med seg ein ordførar, som vippa begge vegar, på det.
– Det er klart me må setja krav. Å seia at me vil at ungar skal ha eit område å leika på, er ikkje uvanleg å setja som krav. Skal me få gode bumiljø, må me leggja inn sånne område, sa Opheim.
Etter mykje fram og tilbake, forsøkte ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) å sende fredspipa rundt bordet med eit forslag om at ein tok med begge sidene av saka i tilrådinga, slik at politikarane kunne lata det modna. Han måtte sjølv innrømma at han ikkje heilt var klar over konsekvensen av å krevja ein nærleikeplass i første omgang.
Først var ikkje det aktuelt, så var alle på gli. Til slutt vart det bestemt at det skulle røystast. Der vart framlegget til Høl vinnaren med fire mot tre røyster.
Saka får si endeleg handsaming i kommunestyret torsdag 28. oktober.