VIKTIG Å BIDRA: Målfrid Aspeseter, hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet i Lærdal og tilsett ved Lærdalsøyri skule, seier ho sett pris på at dei hovudtillitsvalde er inkludert tidleg i prosessen med dei økonomiske kutta i Lærdal kommune. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen
VIKTIG Å BIDRA: Målfrid Aspeseter, hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet i Lærdal og tilsett ved Lærdalsøyri skule, seier ho sett pris på at dei hovudtillitsvalde er inkludert tidleg i prosessen med dei økonomiske kutta i Lærdal kommune. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen

Utdanningsforbundet: – Må tenkje seg om før ein nedbemannar

Målfrid Aspeseter, hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet i Lærdal, ser ikkje heilt kvar dei skal kutte i oppvekst og samstundes klare å oppretthalde kvaliteten i barnehage og skule. 

Lærdal: – Det økonomiske situasjonen til Lærdal kommune skapar uro, me er redde for at nedskjeringane skal føre til at folk må gå. Det er sjølvsagt ikkje noko kjekt, seier Målfrid Aspeseter, hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet i Lærdal og tilsett som kontaktlærar ved Lærdalsøyri skule. 

Ho tek samarbeidsrolla med kommunen som hovudtillitsvald alvorleg, med tanke på å bidra til løysingar til kutt, i tillegg til å verne om rettane til dei tilsette. 

Viktig å bidra 

Utdanningsforbundet er ikkje enno komen i gang med prosessen og veit ikkje heilt konkret kvar å spare inn under eininga for oppvekst. 

– Men sjølvsagt må me bidra til å ta vår del av jobben, me kan ikkje berre skuve det over på andre einingar i kommunen. Dette er ein prosess me må ta i heile utdanningsforbundet, seier Aspeseter. 

Rådmann Alf Olsen jr. informerte politikarane måndag om at eininga for oppvekst er 1 million over budsjettet for 2016.

– Det er sjølvsagt ikkje bra. Oppvekst er ei stor eining, som nesten er utan vikarmidlar på budsjettet, sjølv om det vil vera fråvær blant dei tilsette i både barnehage og skule. Me vil sjølvsagt prøve å omdisponere dei folka me har, og i verste fall ta bort spesialundervisning for nokre elevar. Eg veit ikkje heilt kor på budsjettet overforbruket ligg, men kan tenke meg det ligg på skulefritidsordninga som har låg bemanning i utgangspunktet, fortel ho.

Trur Lærdalsøyri må ta byrden

Under eit arbeidsmøte mellom politikarar og administrasjon i Lærdal måndag, vart det jobba vidare med ei liste over alternativ til økonomiske kutt, som også inkluderer upopulære grep som å legge ned Ljøsne skule og å flytte alle elevane i kommunen til Lærdaløyri skule. Gro Starheimsæter (Sp) uttalte då at ho ikkje trur det vil bli politisk einigheit om å legga ned skulen på Ljøsne. 

Les også: Så langt har dei kome med kuttlista

– Er det realistisk å legge vekk skulenedlegging?

– Det er eit veldig vanskeleg spørsmål. Om dette blir den økonomiske situasjonen for kommunen i lang tid framover må ein kanskje tenka skulestruktur. Men Lærdal kommune har eit mål om å auka talet på innbyggarar, samstundes som det er mangel på bustader. Eg har vanskeleg for å sjå for meg at folk busett seg oppover bygda om det ikkje finst skule. Skulene på Borgund og Ljøsne er små og treng den faglege kompetansen dei har i dag. Då trur eg heller det er Lærdalsøyri skule som må ta byrden av innsparingane, seier Aspeseter. 

– Må tenkje seg om før ein kuttar

Ho rosar Lærdal kommune for at dei tillitsvalde i fagorganisasjonane har vorte teke med frå starten av kuttprosessen og tykkjer det er flott å kunne vera med å påvirke tidleg i arbeidet med å balansere økonomi- og budsjettplan frå 2016 til 2019. 

Samstundes trekk ho fram flykningsituasjonen me står over. 

– Ein må tenkje seg om før ein bemannar ned innanfor oppvekst. Me skal busetta fleire flyktningar i kommunen i tida framover, noko som også vil krevje ressursar med tanke på barnehage, skule og norskopplæring, seier Aspeseter. 

Til toppen