RETT VEG: Rådmann i Lærdal Alf Olsen jr. seier dette syner at kommunen er på rett veg. Arkivfoto
RETT VEG: Rådmann i Lærdal Alf Olsen jr. seier dette syner at kommunen er på rett veg. Arkivfoto

– Ute av Robek

Torsdag fekk rådmann i Lærdal Alf Olsen jr. brevet frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Lærdal kommune blir no meldt ut av lista over Robek-kommunar. 

Fylkesmannen i Sogn og Fjordan har godkjend Lærdal kommune sitt budsjett for 2015 og økonomiplanen for 2015-2018. Då kommunen ikkje har eit oppsamla underskot som må dekkast inn, blir dermed kommunen meldt ut av Robek-lista. 

Gir handlingsrom

– Kva betyr det å ikkje lenger ha Robek-status?

– Det gir større handlingsrom for å gjera det me ønskjer i forhold til lån og investeringar. Dette synleggjer at me er på rett veg, og me ser effektane av jobben som har vore gjort. No gjeld det å halde trykket opp dei komande åra, seier Olsen jr. til Porten.no 

Likevel legg han til at fridommen er begrensa, då kommunen mellom anna har høg lånegjeld. 

Under 2 år på lista

Lærdal kom på Robek-lista i juni 2013, på bakgrunn av formelle feil då politikarane hadde vedteke ein økonomiplan som ikkje synte dekning for alle utgifter. Innsparingar i økonomiplanen var ikkje streidd ut over dei ulike tenesteområda. Uspesifiserte innsparingar er i strid med kommunelova i tillegg til grunnlag for registrering i Robek, skreiv fylkesmannen på sine heimesider i juli 2013. 

Til toppen