FRILUFT: Christer Gundersen droppar gjerne teltet og søv heller under open himmel. Då brukar han ein vindpose utanpå soveposen. Foto: Kjersti Blehr Lånkan / NTB scanpix
FRILUFT: Christer Gundersen droppar gjerne teltet og søv heller under open himmel. Då brukar han ein vindpose utanpå soveposen. Foto: Kjersti Blehr Lånkan / NTB scanpix

Ute ei vinternatt

Du visste det kanskje ikkje, men den finaste staden å sova om vinteren er ute. Slik gjer du det utan å frysa.

Årdal/Lærdal: Dei fleste av oss ser på utesoving som noko som høyrer dei varmare årstidene til og kryp godt under dyna om nettene om vinteren.

– Eg vil påstå at folk går glipp av noko, seier friluftsentusiast Christer Gundersen, der han traskar innover hedmarksskogane. Han dreg ein pulk, sovepose (viss du ikkje har vinterpose, kjem du langt med to tynne inni kvarandre), skumgummiunderlag (det kan vera godt å ha to), telt og vindpose (til å trekkja utanpå soveposen – for deg som vil sova under open himmel). Omtrent 15 – det vil seia halvparten av overnattingane han har utandørs i året – gjer han om vinteren.

Gundersen er oppteken av at ein ikkje nødvendigvis treng å kjøpa nytt utstyr. Sjølv set han opp tresesongsteltet sitt på ein-to-tre, festar berre bardunane med ekstra lange pluggar.

Artikkelen held fram under biletet.

PLUGG: Ekstra lange teltpluggar gjer at bardunane og teltet er godt festa.
PLUGG: Ekstra lange teltpluggar gjer at bardunane og teltet er godt festa.

– På fjellet bør du ha eit meir solid vintertelt, medgjev han.

Sjølv føretrekkjer han derimot, så langt det lèt seg gjera, å droppa teltduken, eventuelt å bruka berre innerteltet.

Arbeid deg varm

Dét er fotograf, forfattar og sjølvtitulert «profesjonell turidiot» Marius Nergård Pettersen samd i.

– Det finaste er jo å bu under open himmel. Spesielt no om vinteren. Viss det er 30 eller 25 minus, synest nok dei fleste det ville vore tryggast å krypa inn i eit telt. Men viss det er vindstille, du kan fyra opp bål, og ha klart litt opptenningsved til du vaknar, er ingenting så godt som berre å stikka hovudet ut av soveposen om morgonen og starta dagen under open himmel, meiner han.

Artikkelen held fram under biletet.

VARM: Viss du frys på føtene, kan du ta opp glidelåsen på dunjakka og leggja jakka i botnen av soveposen.
VARM: Viss du frys på føtene, kan du ta opp glidelåsen på dunjakka og leggja jakka i botnen av soveposen.

På starten av året tok han ein vekestur i fjellområda i Telemark. Temperaturen låg på mellom 20 og 25 minus, og han låg ute nesten kvar natt. Pettersen strekar under at det krevst litt arbeid for ikkje å frysa på ein slik tur.

– Når du kjem fram til campplassen, må du arbeida ganske hardt til alt er som det skal vera. Du må samla masse ved, meir enn du trur, og ha nok snø til å smelta vatn, seier han.

Sjølv grev Pettersen helst bålgropa heilt ned til bakken, sjølv om det er 1,5 meter snødjupne. Derifrå grev han ut, slik at liggjeplassane også blir på bakkenivå.

– Det er ganske mykje arbeid, men då har du ei lun grop å liggja i, seier han.

Når dét er gjort, trekkjer Pettersen ned i soveposen, med hovudet mot bålet, så soveposen ikkje risikerer å ta fyr. Med hovudet og armane fri kan han laga mat på bålet frå soveposen.

Til våren kjem han og turkamerat Mikkel Bølstad ut med boka #mikroeventyr, om små turar som kan gje store opplevingar. Pettersen rår nybyrjarar i utesoving til å starta i det små.

Artikkelen held fram under biletet.

LILLEHAMMER: Under OL på Lillehammer sov mange ute for å få med seg herrestafetten.
LILLEHAMMER: Under OL på Lillehammer sov mange ute for å få med seg herrestafetten.

– Start gjerne med turar der du kan gå heim om natta viss det skulle bli kaldt. Og helst i temperaturar varmare enn ti minus, rår han.

Sova ute-alternativ

I tillegg til friluft har Pettersen sove i gapahuk, under diverse variantar av presenningar og dukar, under tettvaksne tre (som er veldig fint til det eventuelt tek til å dryppa, viss snøen på greinene smeltar), i holer og under steinheller og lause kampesteinar, under båtar og kanoar, i hengjekøye, i snøhole. Og telt, då.

– Steinheller blir kalde om vinteren, dei fungerer betre andre årstider, seier han.

Anders Sten Nessem, fungerande avdelingsleiar for kommunikasjon i Den Norske Turistforening, føretrekkjer snøhole, viss han absolutt må inn under tak på tur om vinteren.

– Det tek lengre tid enn telt, men telt er meir utsett for vêr og vind. I snøhola er det vindtett, og det blir null grader, seier han.

Slik lagar du ei klassisk snøhole, forklarer han: Finn ein skikkeleg snøskavl. Han bør helst liggja litt høgt oppe i fjellsida, så viss det skulle gå eit ras, tek det ikkje med seg snøhola. Hellinga bør ikkje vera brattare enn 25 grader. Stikk gjerne inn ei sondestong, ho bør gå i alle fall gå 2,5 meter inn i snøen. Grav så ei sjakt rett inn i fjellskråninga, lag ei igloform på innsida.

Artikkelen held fram under biletet.

PULK: Det kan vera ein fordel å ha ein pulk å dra utstyret på.
PULK: Det kan vera ein fordel å ha ein pulk å dra utstyret på.

– Ein halv meter eller meir opp på kvar side lagar eg ein sengebrink. Så kan ein stengja att inngangen for at det skal bli lunare, spesielt ved dårleg vêr. Kulden legg seg i kuldegropa, medan det blir lunt og godt på brinken. Har du i tillegg nokre stearinlys, blir det svært hyggjeleg, fortel Nessem.

Råd til nye utesovarar

  • Starttips: Start i det små, spesielt om vinteren og viss det er kaldt. Det bør vera varmare enn 10 minus. Start med så korte turar at du føler deg komfortabel med det og kanskje kan reisa heim viss det blir for kaldt.
  • Utstyr: Ha ein sovepose som er varm nok, og gjerne to tjukke skumplastunderlag, forsterk eventuelt med granbar under, eventuelt også reinsdyrskinn eller saueskinnsfell. Viss du ikkje har ein skikkeleg vintersovepose, kjem du veldig langt ved å tre to tynnare soveposar inni kvarandre. Ein vanleg lakenpose inni soveposen hjelper også. Eit vindtett trekk du kan trekkja utanpå soveposen (og gjerne liggjeunderlaget også) er lurt viss du skal sova under open himmel, særleg viss det bles opp litt. Test utstyret på småturar før du legg ut på langtur.
  • Kle: Kle deg i ull, så mange lag du treng. To lag er gjerne fint i soveposen. Ikkje ligg i yttertøy, det blir fort klamt, og du får ikkje varma opp soveposen. Ha gjerne to luer på hovudet, ei tynn i ull inst og ei vindtett ytst. Og dekk godt til halsen.
  • Mat: Et godt før du legg deg, for å lagra energi og halda varmen gjennom natta.
  • Plass: Ikkje ligg på ein vêrutsett stad, søk ly. Til dømes inni eit skogholt, eller nedi ein liten dal i staden for oppå ein topp.
  • Bål: Samla mykje meir ved enn du trur du må ha. Vedhaugen går utruleg fort, i alle fall viss du skal fyra opp om morgonen også. Ikkje ta dei finaste døde trea i eit område, gå heller for små, døde tre. Ikkje øydelegg landskapet rundt deg for å laga eit bål.
  • Kulda: Viss du byrjar å frysa, ikkje stå og kjenn på at du frys. Viss du er våt, skift kle fort. Viss du berre er kald, vêr meir i bevegelse. Arbeid hardare, så du får varmen igjen. Hald deg varm og vêr i bevegelse til du ligg i soveposen.
  • Telting: På fjellet bør du ha eit skikkeleg vintertelt, som toler at det kjem tunge snøfall og som taklar sterk vind, med berrduner og stormmaster rundt. Tramp ned snøen med skia på tomta der teltet skal opp. Hugs snøpluggar (ev. kan du laga pluggar av nokre pinnar, dei bør vera minst 30 centimeter lange). Du kan også fint bruka stavar og ski, for å sleppa å bera på masse ekstra pluggar. Grav gjerne ei kuldegrop i forteltet, for å ha litt meir plass til beina om morgonen, ev. til å laga mat. Primus skal ikkje brukast i teltet, ifølgje produsentane. Vis varsemd, og ha lang avstand til teltduken og anna materiale som lett kan ta fyr, viss du likevel gjer det.

(Kjelde: Marius Nergård Pettersen) (©NPK)

Til toppen