FRILUFTSBAD: Utebassenget på Tangen opnar fredag, medan bassenget i Øvre opnar om svaret frå vassprøvane blir godkjend.
FRILUFTSBAD: Utebassenget på Tangen opnar fredag, medan bassenget i Øvre opnar om svaret frå vassprøvane blir godkjend. (Foto: Sunniva Knutsen)

Utebassenga opnar på fredag etter lang tid med uvisse

Det opplyser kommunen på sine nettsider.

Årdal: Koronapandemien har lenge gjort det usikkert om friluftsbada i Årdal kunne opnast i 2020. Trass i uvissa, har Årdal kommune arbeidd med å klargjera begge våre friluftsbad for bruk i sommar. 

Det er no opna opp for drift av friluftsbada, men fare for smitte og smittespreiing gjer organiseringa og drifta av friluftsbada noko annleis enn tidlegare. Det er mellom anna krav til smitteverntiltak i anlegga og begrensning i tal besøkande i anlegga.

Vassprøver

I friluftsbadet i Øvre Årdal fekk kommunen, i samband med installering av ny bassengduk, lekkasjar som gjorde at anlegget måtte tømmast for badevatn og heile oppstartsprosedyren måtte gjerast på nytt.

– Det vart sendt ei vassprøve til analyse måndag denne veka og svar vil liggja føre torsdag.  Dersom prøven vert godkjend, vil anlegget verta opna fredag 19. juni klokka 1300. Dersom vassprøven ikkje vert godkjend, må det takast ny prøve og opning av anlegget må utsetjast, skriv kommunen.

Friluftsbadet på Årdalstangen er klart til bruk. Prøve av badevatnet vart send til analyse førre veke og godkjend vassprøve ligg føre. Anlegget vert opna fredag 19. juni klokka 1200.

Nye sklier

Det er montert to nye vasssklier i friluftsbadet i Øvre Årdal. Grunna koronapandemien vart skliene levert tre veker seinare enn opphavleg avtalt og difor ikkje godkjende for bruk når friluftsbadet opnar.

– Me gjer det me kan for å få skliene godkjende så snart som råd og håpar at me kan ta dei i bruk om ikkje lenge. Foreløpig kan dei dessverre ikkje nyttast, skriv kommunen vidare.

Til toppen