Indre Sogn: Laurdag startar den årlege friluftslivsveka og søndag 4. september feirar DNT 10-årsjubileum for Kom deg ut-dagen, med rekordmange arrangement over heile landet.
– Vi ønskjer å spreie turglede og inspirere fleire familiar til å bruke hausten ute. Kom deg ut-dagen gir ein smakebit på noko av alt det spennande friluftslivet kan by på, seier generalsekretær i DNT Nils Øveraas.
Kom deg ut-dagen er det største arrangementet DNT har gjennom heile året.
– I samarbeid med andre frivillige organisasjonar og offentlege aktørar, har ein unik moglegheit til å treffe og inspirere alle. Vi oppfordrar flest mogleg til å ta turen ut i nærleiken av der dei bur. Kvifor ikkje bruke Kom deg ut-dagen som inspirasjon til ein aktiv haust ute i naturen, seier Øveraas.
Bytt dyna med sovepose
Dei ekstra ivrige kan starte utelivet allereie dagen før. Norske friluftslivsorganisasjonar oppmodar nemleg folk til å sove ut frå laurdag til søndag gjennom arrangementet Natt i naturen. I fjor sov minst 90.000 nordmenn ute denne natta.
– Ta ei natt i naturen 3. september og sov ute i det fri denne laurdagskvelden. I Noreg er naturen aldri langt unna. Inviter gjerne med venner og familie og finn ein fin stad i nærleiken av der du bur. Du kan også sette opp teltet i hagen eller dra dyna ut på terrassen. Ei natt i naturen treng ikkje å vere ein storstilt «ekspedisjon», seier generalsekretær i paraplyorganisasjonen Norsk Friluftsliv Lasse Heimdal.