TIL TOPPS: Med dette biletet gjekk Jarle I. Kvam, opprinneleg frå Årdal, heilt til topps i Yr.nos fotokonkurranse. Foto: Jarle I. Kvam.
TIL TOPPS: Med dette biletet gjekk Jarle I. Kvam, opprinneleg frå Årdal, heilt til topps i Yr.nos fotokonkurranse. Foto: Jarle I. Kvam.

Utflytt årdøl tok årets vêrbilete

Jarle I. Kvam vann Yr.no si kåring av årets vêrbilete.

Årdal: Etter at ekstremvêret Synne hadde roa seg ned, tok Jarle Kvam, opprinneleg frå Årdal, eit bilete som skulle bli kåra til årets vêrbilete.

Kvam er oppvaksen i Årdal, men har dei siste 25 åra budd og jobba i Arendal. Og det var nettopp her han tok det fantastisk flotte biletet. Etter dagar med dårleg vêr dukka sola opp, og lyset og bølgjene lokka folk ut mot havet – også Kvam.

– Det var vilt og vakkert der ute, og etterkvart som sola sank i havet blei lyset meir og meir spektakulært, seier han til Yr.no.

ÅRDØL: Jarle I. Kvam er oppvaksen i Årdal, men har budd i Arendal dei siste 25 åra.
ÅRDØL: Jarle I. Kvam er oppvaksen i Årdal, men har budd i Arendal dei siste 25 åra.

Har dreve med foto heile livet

Biletet er frå Spornes på Tromøy. Det er her Kvam finn sine beste motiv. Fotografering er noko Kvam har halde på med heile livet.

– Eg er oppvaksen i Årdal, og i ungdomen dreiv eg med foto, då i fotoklubben i Lykkja ungdomsklubb, som heldt til i tilfluktsrommet bak gamle Samvirkelaget. Eg var leiar der eit par år, og det gjekk i framkalling og kopiering av svart/kvit-bilete, fortel han til Porten.no.

– Etter militæret jobba eg litt på verket før eg flytta. Eg kom attende og jobba i ein periode før eg på byrjinga av 80-talet flytta ut av bygda for godt.

Fototeknisk godt

I si grunngjeving skriv juryen, som har bestått av redaktør, fotografar og journalistar frå NRKs naturredaksjon, sett etter bilete som seier noko om vêråret som har gjekk. Historia har vore viktigare enn det fototekniske.

Artikkelen held fram under biletet.

TIL TOPPS: Med dette biletet gjekk Jarle I. Kvam heilt til topps i Yr.nos fotokonkurranse.
TIL TOPPS: Med dette biletet gjekk Jarle I. Kvam heilt til topps i Yr.nos fotokonkurranse.

«Juryen meiner at biletet frå Kvam leverer i begge kategoriar: Det avspeglar viktig vêr i året som var. Det har også fototeknisk høg kvalitet, med fine fargar og god komposisjon. Det gule lyset og skjønnheita Kvam har fanga i uvêret, gjer at det skil seg frå andre uvêrbilete og overraskar.»

Premien er eit gåvekort på 5000 kroner.

 

Til toppen