UTFORDRANDE: Kommunalsjef for helse og omsorg i Lærdal, Arne Johansen har fått ein utfordrande situasjon når det kjem til fastlegar, men er klar på at innbyggjarane får dei tenestene dei skal. Foto: Ole Ramshus Sælthun
UTFORDRANDE: Kommunalsjef for helse og omsorg i Lærdal, Arne Johansen har fått ein utfordrande situasjon når det kjem til fastlegar, men er klar på at innbyggjarane får dei tenestene dei skal. Foto: Ole Ramshus Sælthun (Foto: Ole Ramshus Sælthun)

Utfordrande fastlegesituasjon i Lærdal

– Men innbyggjarane skal vera trygge på at dei får dei tenestene dei skal, seier kommunalsjef for helse og omsorg, Arne Johansen. 

Lærdal: Situasjonen er at ein av tre fastlegar har slutta. Ein annan går snart av med pensjon, og den tredje er for augneblikket sjukemeld.

– Me må for ein periode basera oss på vikarar, og har notilsett to vikarar no. Me har også vore heldige og fått tak i veldig dyktige vikarar. Den eine med erfaring frå Aurland, så han brukte kort tid på å setje seg inn i lokale forhold i Lærdal. Innbyggjarane skal vera trygge på atdei får den fastlegetenesta dei skal, seier Johansen.

Likevel byr det på utfordringar, forklarar han:

– Innbyggjarane har legetilbod, men ein del har ikkje den fastlegen dei har hatt. Spesielt for kronikarar er ikkje det optimalt. Også for den legen som er igjen og for dei tilsette ved Helsesenteret vil ein situasjon med ustabilitet naturleg nok vere krevjande. Her er vi heldige som har erfarne tilsette som gjer sitt beste for å sikre brukarane kvalitet og tilgjenge. 

Er i dialog om framtidig organisering

I Lærdal har er det to kommunalt tilsette fastlegar. Desse har ein del andre funksjonar i tillegg, som Kommuneoverlege, legevakt, og tilsynslege forsjukeheimen, helsestasjonen og for akuttsengene ved Sogn Lokalmedisinske senter.

Den tredje, Mogens Vasegaard, er difor fastlegen flest innbyggjarar har. Han driv som privatpraktiserande, og har varsla at han kjem til å pensjonera seg etter kvart.

– Eg må seia at Vasegaard har gjort ein kjempejobb; teke stort ansvar og drive denne praksisen på ein god måte. Me er i dialog med han frå kommunen si side i samband med at han vi trappe ned. For framtida ser me det som optimalt at alle fastlegane er samla under same tak. Fordi det mellom anna er enklare å koordinera fastlegetenesta i høve ferieavvikling og sjukdom då, seier Johansen.

Er med i prosjekt som kan sikra fastlege i fem år

Fram til ut på haustparten er dei dekte med vikarane som har kome inn. Samsundes er det lyst ut ei fast stilling for legen som har slutta.

– Så har det kome skjerpa krav frå myndigheitene om at legar som blir tilsette no anten må vera spesialistar innan almennmedisin, eller dei må gå i eit utdanningsløp for å bli det medan dei er fastlege.

I samband med desse krava har Bergen kommune starta eit prosjekt der 13 fastlegestillingar er lyste ut, og der dei som får desse stillingane vil gå dette utdanningsløpet.

– Kommunar med utfordrande fastlegesituasjon kan søkja på å bli med i prosjektet. Det har me gjort i Lærdal, og me kom med. Dei som får desse stillingane bitt seg i utgangspunktet for fem år til å vera fastlege i kommunen dei skal jobba i. 
Får Lærdal ein fastlege gjennom prosjektet, er ein såleis sikra denne legen i fem år.

– Parallelt driv me også eit forbetringsarbeid ved helsesenteret for å løysa nokre utfordringar som har vore der, fortel Johansen.

Til toppen