RETT VEG: Helsesjef i Lærdal meiner det er rett veg å gå at kommunane skal tilby psykologteneste frå 2020. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
RETT VEG: Helsesjef i Lærdal meiner det er rett veg å gå at kommunane skal tilby psykologteneste frå 2020. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Utfordrande, men rett veg å gå

Det meiner helsesjefen i Lærdal kommune om psykologkravet som Helse- og omsorgsdepartementet sendte på høyring i juni.

Indre Sogn: Forslaget går ut på at kvar kommune i landet skal tilby psykologkompetanse frå 2020, men kritikarar trur dette blir vanskeleg å få til for dei minste kommunane.

Det blir utfordrande, seier kommunalsjef for helse og omsorg i Lærdal, Arne Johansen, men han trur det er eit riktig steg å gå.

– Det er sagt at det kan vere nokre fordelar ved å flytte ein del av denne tenesta ut i kommunane, slik ein ser innanfor primærhelsetenesta med KAD-senger. Slik sett er det eit riktig grep, men eg trur også det utfordrar oss, seier han til porten.no og får støtte i det frå Sogndal.

– Eg synest det er viktig å sjå kva tenester kommunane etter kvart må levere. Oppgåvene våre vert meir og meir komplekse, dette gjeld tenester til personar med mellom anna rus- og psykiske vanskar, og i ein slik kontekst er det i mange tilfelle behov for psykologkompetanse. Såleis helsar eg utviklinga velkomen, men skal det vera meining med eit slik krav må kommunane sikrast tilgang på nok kandidatar, seier kommunalsjef Jon Tvilde.

Har ikkje psykolog i dag

Verken Lærdal, Aurland, Årdal eller Sogndal har tilsett psykolog i dag. I Årdal har ein mellom anna søkt etter psykolog to gonger utan å få napp. 

– Me har fanga dette opp tidleg og lagt føresetnader i budsjettet for å tilsetja i den stillinga, stadfestar kommunalsjef Svein Arve Grindhaug.

Utfordrande å rekruttere

Utfordringane går først og fremst på å få psykologar til å flytta til mindre kommunar og regionar. 

– Me er såpass små at det ikkje er aktuelt med ei heil stilling, seier assisterande rådmann i Aurland, Norunn Haugen, som trur det heller er tilfeldig dersom dei lykkast ved at nokon med psykologutdanning buset seg i kommunen. 

– Oppgåvespekteret vårt er så samansett at me treng fagfolk med erfaring, og det vert difor viktig å drøfte i høyringsprosessen korleis ein skal makte å få dette til. Det kan bli vanskeleg, legg Tvilde til.

Interkommunalt samarbeid

Vegen å gå blir difor truleg eit interkommunalt samarbeid. 

– Me er på ballen, og me har hatt fleire typar dialogar med Helse Førde mellom anna, der saka har vorte diskutert i vertskommunedialog og koordineringsrådet, held Johansen fram.

– Vårt utgangspunkt er å sjå om me kan ha ein felles strategi rundt rekruttering av psykologar. Det kan vera ilag med andre kommunar eller spesialisthelsetenesta. Det er ikkje alle kommunar som har behov for ei heil stilling, og dette kan vere knytt til fagmiljø som gjer det enklare å rekruttere. Denne dialogen med Helse Førde og nabokommunane vil halde fram utover hausten, seier han.

Til toppen